Vil utvide og pusse opp kjøkkenet

Ikkje før har Urke Grendalag feira overtakinga av grendahuset og gjennomført ei storstilt opprusting av hovudsalen og inngangspartiet, går styret i gang med å utvide kjøkkenet og montere ny kjøkkeninnreiiing.

Kjøkkeninnredning

Kjøkkenet skal få ny innreiing og storleiken skal meir enn doblast

Etter over 500 dugnadstimar siste vinter og vår, skal det kjøpast inn kjøkkeninnreiing for omlag 30.000 kr. Helge Ramstad har lova å montere dette. Resten av dugnadsarbeidet vil bli riving av veggen inn til det gamle lærarromet og måling av veggane. Arbeidet skal vere fullført til julefesten.

Plentraktor til Bøvika

Framfor neste sesong trengst det å kjøpe inn ein plentraktor som lettar arbeidet med å klippe ballbana og plenen på solingsområdet i Bøvika. Begge områda vil bli utvida når ein får betre utstyr. Styret skal innhente tilbod om plentraktor med samleutstyr. Bjarne Klokks Legat syter for økonomi til denne investeringa. Sverre H. Urke har stelt plenane for grendalaget gjennom mange år og fortener no å få betre utstyr sidan arealet aukar i stor grad.

Plentraktor

Det er ikkje bestemt kva sort plentraktor som skal anskaffast, men kanskje noko som liknar denne vil gjere nytten.

 

Det skal bli Urke-Helg neste år : Laurdag 4. august 2012.

Trivselskvelden 6. august samla fullt hus og ga eit pent overskot for Grendalaget, trass i gratis tilgjenge. Lotteri med mange fine gevinstar i gåve var med og ga overskot saman med matsal.

Kosekveld

Når det neste år skal inviterast til kosekveld på Grendahuset, vil det nok bli bruk for både god mat, prat, godt humør, spontane innslag og kanskje ein svingom også.

Neste år skal ein legge opp til ein Kose-kveld med mindre program enn i år, men med større rom enn i år for prat, mat og gjerne ein svingom. 

Datoen er fastsett til 4. august 2012.

Andre saker i styret

Styret vedtok å inngå forsikringsavtale med IF for grendahuset og venteromet på Leknes.

Leiar i styret, Eldrid Øye, skal arbeide særskilt med å kome fram til ein endeleg ordning med Tussa når det gjeld fullføring av restarbeid på området ved Grendahuset.