Vasstøylen og Langhorndalen 2011
Alvhild, Kari, Bernt Arve, Bente, Unni, Bodil, Rune og Henrik.
Vi samkjaurde frå kvistad til parkeringsplassen, då vi gjekk ut av bilane kom ei skikkeleg regnbyge, og eg tenkte at i dag vert det nok snuing på Vasstøylen.
Vi fekk byga midt i fleisen med ein gong turen starta.
vi hadde ikkje gått langt opp i råsa før regnet ga seg, og det såg lettare ut.
Her er gjengen oppstillte med Langhornet i bakgrunnen, regnet er over og vi gledde oss over opplett og varme.
Her er det skriving i boka på Vasstøylen, du ser elva frå langhorndalen er svært rik på vatn i år.
Her vel halvegs rundt vatnet, vakker utsikt, og Unni teiknar og fortel til Rune.
Det går fort oppover når vi kjem på andre sida av vatnet, Kari i full fart.
Unni nesten oppe ved dalen, Bernt Arve kan du skimte som ein raud prikk i bakgunnen, han går på firhjulstrekk seier han (med stavar).
Oppe i Langhorndalen var det tid for niste, drikke og litt snaks.
Vi kunne nyte utsikta mot dalen og kika etter saude som var svært modige i si ferd, øvst i hamrane ved Langhornet.
So var det fellesbildet, kjekk gjeng, og vellukka tur.
No var det so vidt vi rakk nedatt før neste byge kom, godt berekna!
Nokre gjekk same vegen nedatt, og andre gjekk på andre sida av vatnet, begge deler helt greit å gå.
Takk for laget.
Neste måndag er det tur til Bondalsbakken, vi samkjøyrer frå bommen inn til Rognestøylen.
Husk gode sko, der er alltid svært vått i råsa, og det er nok ikkje betre i år enn andre år, tvert om.
Vel møtt!
Kommentarar