Vi vil gjerne ha deg med, sett av tid og kom!
Dei som vil vere med til Stokkesetra, kan få høyre om "jasepit", Klokkura si historie og anna som kan vere spennande.
Vi vil fyre bål så ta gjerne med pølse som du kan spidde.
Dette er ei roleg familietur som passar for alle.
Vi startar frå enden av vegen på Stokkesida kl 1400.
Husk gode sko, det er svært vått i råsa, serskilt fyrste stykket.
Sykkelritt i Ørsta /Volda.
Vi har i år fått deltakarane i sykkelrittet til å ta turen om Sæbø sentrum, i fjor var snuplassen ved Hjørundfjordheimen, men i år vil dei runde fergekaia og ta runda via Prestegata.
Vi oppmodar folk til å stå klar å heie, gjerne med flagg og vimplar.
Dei fyrste er forventa å kome til Sæbø ca kl 1230 så ver klar!
Vår eigen ^sykkelfantom^Ansgar Kvistad skal ikkje delta i år desverre, men vi kan nok finne kjentfolk mellom syklistane likevel, uansett treng og fortjenar dei litt jubel og støtte før dei startar på oppoverturen til Eidet att.
Ta hensyn ved vegane og ikkje parker i løypa i sentrum, der vert vakter som vil vegleie om du treng råd.
Lukke til.
Ha ei god festivalveke vidare.
Kommentarar