Triveleg kveld på Urke

Det var lagt opp til eit allsidig program med musikk, song, revyinnslag og verbale framføringar som strekte seg over meir enn fire timar – og alle heldt ut!  Dei unge i bygda fekk første prioritet og opna tilstellinga. Fleire understreka kor viktig det er at dei yngste får tilbod i bygdene. Det er eit viktig grunnlag for trivsel og framleis busetjing.

Trivselshelg Urke 008

Born og vaksne i samspel. Frå v.: Otilie Klokk, Janine Berg saman med døtrene Madeleine og Kristianne.

Trivselshelg Urke 010

Stian Berg konsentrerer seg om gitarakkompangementet.

Janine Berg nå nemnast som ei viktig drivkraft for at song og musikklivet blomstrar. Sjølv kom ho frå New Zeeland for ikkje så mange år sidan og ho har alt sett spor etter seg. I år hadde ho foreldra på vitjing og det var lett å sjå at dei gledde seg over Janine sitt engasjement.

Velkomst og nyopning

Trivselshelg Urke 011

Leiar i Grendalaget, Eldrid Øye, presenterte det ”nye” grendahuset og lufta planar for framtida i same rennet.

Leiar i Urke Grendalag, Eldrid Øye, sytte for den høytidelege opninga av eit eit nystelt og utvida grendahus som grendalaget no har overteke frå Ørsta kommune. Det ligg ein imponerande innsats bak dugnadsånda i bygda og leiaren gjorde rett i å uttrykke spesielt innsatsen til Helge Urke som den som har vore pytt og panne i arbeidet. Det vart uttrykt mykje ros frå deltakarane over kor lett og triveleg grendahuset no har vorte etter opprustninga.

Allsidig underhaldning

Edith Flakk sine songar og verbale innslag bar fram sterke bod om kor viktig det er at bygda får bløme ved at alle tek del i å legge grunnlaget til rette.

Trivselshelg Urke 020

Edith Flakk frå nabobygda Norangdal sytte for song og verbalinnslag om bygdene sin verdi i samfunnet.

Trivselshelg Urke 015

”Strikkeklobbinj Boogie”- avleia av Åmdalskoret – hadde både eitt og anna å forjelje om alle dei andre og at ”de vakje so nøye me spøtinga”. Bak kostymene skal desse finnast: Janine Berg, Hilde Muren, Anita Øye, Reidun Grota og Marit Brauteset.

Ein del av Åmdalskoret sine damer framførte innslaget om ”Strikkeklobbenj Boogie” der ho som ”—ikkje ska få vere me i strikkeklobbenj vår”, fekk gjennomgå.  Venke Katrin Oksavik, Janine Berg og Tom Andersen bidrog med fleire songnummer og leia allsong. Tre brødre Stennes; Arvid, Hallstein og Aksel, saman med Hallvard Urke, sytte for trekkspel og fiolinmusikk.

Trivselshelg Urke 022

Aksel og Arvid Stennes, Hallvard Urke og Hallstein Stennes fekk sving på sakene.

Trivselshelg Urke 024

Venke Katrin Oksavik(biletet) leia allsang i tillegg til å opptre saman med Tom Andersen.

Lokalhistoriske innslag

Torbjørn Urke ga deltakarane eit innsyn i skulehistoria i bygda frå omgangsskuletida. Første brua i bygda vart pressa fram og bygt fordi skuleborna skulle kome trygt på skulen som kom i 1891.

Trivselshelg Urke 021

Bygda si skulehistorie kunne Torbjørn Urke fortelje om. Spesielt nemnde han ”Brudevoll-tida” då det var forbode å snakke engelsk på Urke skule. Han skal skrive ein større artikkel om dette i årsskriftet til sogelaget.

Per Urke drog forsamlinga gjennom ei biletsamling frå bygda og av personar i liv og lagnad heilt frå den tida då dei første fotografane dukka opp. Eit viktig bodskap var at det er no siste toget er i ferd med å fare for å få med foto frå eldre tid. Ikkje minst må ein finne albuma frå dei som har flytta frå bygda.

Sivert i hagen2

Dette er døme på bilete som er i fare for å bli borte for ettertida. Her er Gamle Sivert Jonsson Urke i hagen i Ramogarden. Ved å studere biletet kan det tidfestast til 1934/35. Biletet er funne i ein album på Skodje.

Fasit for ”Trivselshelga 2011” var at dette var triveleg og at tradisjonen med sommarsamlinga må halde fram.