Årseth som er født og oppvaksen i Bondalen i Hjørundfjorden er mest kjent for sine impresjonistiske landskapsbilete her i Noreg. Årseth har og ry på seg for å vere ein av vår tid sin dyktigaste rosemålarar, og har spesielt hausta stor anerkjenning i USA for dekorasjonsmålinga si. I 2010 mottok han St. Olavs medaljen for å ha spreidd kunnskap om Noreg og norsk kultur i utlandet. Til utstillinga denne dagen har Årset med seg måleri med motiv henta i frå frodig norsk natur. Vakre fargerike blomar og pulserande landskapsbilete vert å sjå, og som kanskje gir oss ein siste smak av sumar?

I kammerset er Rolf Vatn på plass med keramikk. Vatn vil presentere eit utval av dei siste produkta sine. Koppar, fat og vasar med dei karakteristiske glasurane som særpregar Vatn sin keramikk, er å finne i tunet denne dagen.

På kjøkkenet i den nyoppussa kunstnarbustaden på tunet vil Gode Greier i frå Ulsteinvik stille med sine heimelaga saft- og sylteprodukt.

Vi vonar med dette programmet å setje fokus på dei “skjulte skattane” i form av menneske sin medfødte trong til å skape noko. Heilt i frå steinalderen si tid kjenner vi til at menneske har hatt behov for å uttrykke seg og har hatt sansen for “det vakre”. Med denne utstillinga får publikum sjå eit døme på korleis vi i dag vidarefører kulturarven innan kunst- og handverktradisjonar. Alt i ei kulturhistorisk ramme der det ærverdige Bakketunet er kulissar!

Det vert servert middag i frå utekjøkkenet og det vert kaffi og herlege kaker å få i kafeen i røykstova.

MS HJØRUNDFJORD går i frå Sæbø kl 11.30 med retur kl 17. 

Følg oss gjerne på Facebook: Bakketunet på Bjørke

Gine Gaustad Andersson

Les artiklar på Hjørundfjorportalen om kunstnaren Sigmund Årseth.