Helga melda meg etter ho hadde lest om planen om rydding på portalen.

Vi vart einige om at onsdag passa bra, og då var det opplett og tørt.

Storenakken 2011 001

Mykje god skog veks fort i denne varme hellinga, vi vart godt varme og sveitte i finevêret.

Her går Helga laus på eit "røde" ned bjørk.

Storenakken 2011 005

Det vart eit par "kvinne mot natur" kampar og kvunnene vann -sjølvsagt

Bodil i kamp mot fjellbjørk.

Storenakken 2011 006

Dersom nokon vil ha nysaga fjellbjørk til ved, kan den hentast øvst i råsa før korsabrua, rikeleg med store bjørke ligg ved råsa.

Storenakken 2011 008

Helga hadde ei skikkeleg god greinsaks, det meste gjekk unna med denne.

Sjå berre kor lyst og ope der vart i råsa.

Storenakken 2011 010

No var det tid for kaffipause, flottare kantine kan du leite lenge etter, litt mykje maur her i Korsabrua.

Storenakken 2011 012

Vi var einige om at det hadde vore ein fantastisk flott arbeidsdag, rusla nedatt og testa om breidda var god nok.

Håpe no at ikkje snøfonnene lagar kluss til neste vår, men "skitt på" då vert det ny tur opp og rydde, viss ikkje så held det vel eit par år får me tru.

God tur!