Naturfestivalen 2011 Årskogstøylen og Høgereset.

Vi var fjorten som starta ved Holebrua, og skodda var slik ho har vore det meste av sommaren, tjukk og grå.

Vi var spent på om vi kom oss over skodda, om vi fekk sjå sola.

Dei som var med var: Haldis, Kanutte, Johanne, Kjell, Mari-Anne, Karoline, Ingvild, Bernt Arve, Bente, Fred, Hilde, Frøydis, Kari og Bodil.

Høgereset 2011 009

Kanutte, Hilde, Fred og Kjell slukker tørsten.

Ved elva før Årskogstøylen gjer det godt med kaldt godt vatn, det beste i verda er det heilt sikkert, alltid kaldt og friskt.

Høgereset 2011 010

Bernt Arve og Frøydis, klar til start att.

Høgereset 2011 011

Bente, Karoline, Ingvild, Mari-Anne og Haldis ved drikkevasskjelda.

Høgereset 2011 012

På Årskogstøylen vart skodda tjukkare og vi merka at lufta var svært fugtig.

Utsikta var nok helder dårleg.

Høgereset 2011 015

Ved elva i lissjedalen var det ikkje godt å sjå lenger enn ei ti meter fram, så nokre valgde å snu nedatt.

Høgereset 2011 016

Karane Fred og Kjell hadde god tid å prate .

Høgereset 2011 017

Bente og Haldis benytta sjangsen til å fylle opp drikkeflaskene sine.

Høgereset 2011 018

Vi gjekk i flokk for å sjå kvarandre, ja ein hare sprang fyst, det var sjølvsagt

Bernt Arve.

Høgereset 2011 019

Då vi kom opp på Høgereset var der eit underleg lys, vi såg sola kome fram litt etter litt mellom skoddedottane.

Høgereset 2011 020

Det vart lysare og lysare, og vi vart ivrigare og ivrigare, snakk om solhungrige folk.

Høgereset 2011 023

Himmelen vart blå, og vi fekk ta fellesbildet i SOL!

Høgereset 2011 024 

Bente, og dei fleste andre leita fram fotoapparata for å ta bilde, for det var spesielle motiv mellom skoddedreva og solgløtta.

Høgereset 2011 025

Sjelden eg ser ein kvit skodde/regnboge, ikkje lett å fange med kamera helder.

Høgereset 2011 026

Det vart mykje fotografering og alle var fasinerte.

Høgereset 2011 027

Og medan sola framleis skein på Nonshornet, Setretindane og i Fladalen, rusla vi nedatt i skodda.

Fin oppleving å få smake på Sola, friskt med ein tur uansett.

Tusen takk for turen, og vel møtt til neste som vert i Olavshola.

Vi vil minne om at vi på fredag skal ha familietur til Stokkesetra, dette vert ein tur som høver for alle uansett alder, vi ber om fint vêr, men vi har bål å spidde pølse og varme oss på om det ikkje vert så fint.

Uansett skal vi ha det triveleg, ut på tur- aldri sur!

VEL MØTT!