I  lettskya og delvis blå himmel var det eit flott utgongspunkt for tur i Kvamsedalen  på Kvistad, søndag 7.august. Etter problem med forfall på turleiar sida, vart det ikkje mindre enn 3 godt vande vegvisarar med på turen. Dette kan virke noko overdreven bruk, men det er ikkje noko bakdel for kvaliteten på ein slik tur med rikeleg god hjelp og Strandmann som skulle være turleiar for tur til Grøttdalstinden denne dagen, er eit oppslagsverk når det gjeld fjell og namn. Turen til Grøttdalstinden vart avlyst pga dårlege værmeldingar...

Turen starta kl.10 frå parkeringsplassen på Høgehaugen med 9 i fylgje og to kom til seinare på turen. Oppstigninga til Kvamsedalsfjellet gjekk greit utan noko deltakarfråfall.

Med  på turen var: Jon Inge Vinjevoll, Janne Kristin Spjutøy, Kari Riise, Marit Riise Olsen, Bettina Zimmer, Sabrina Zimmer, Roland Hutt, Oddvar Olsen. Turleiar Anne Kristin Hustad, Lars-Petter Strandmann og Ivar Svein Mo. Sistemann fungerte også som fotograf.

IMGP1271_1

Eit lite slør over himmelen avvæpna sola, slik at det var eit behageleg møte med fjellet. Her på veg innover til fjellvatna

 

IMGP1273_1
Å du verden, for ein opplevelse norsk natur kan gje...

 

IMGP1275_1
IMGP1276_1
Men før vi andre fekk sukk for oss, kom eit plask.. Tyske Roland kunne ikkje motstå fristelsen..
IMGP1277_1
IMGP1278_1
Men hadde han teke høgde for at vatnet hadde ein stor brede ovanfor seg...? Det var kaldt og badeopplevinga var ikkje langvarig. Bettina hadde kontroll over maken sin, og ordna med gode bilder som skal visast heime i Tyskland.
IMGP1281_1
IMGP1282_1
Breden over fyrste fjellvatnet kan være farleg, men med godt fottøy går det som oftast bra.
Anne fekk helse på sauene sine på fjellbeite.

 

IMGP1286_1
Til stor overrasking for oss alle, hadde Roland med kruser og serverte kaldt tysk beer.

 

IMGP1290

Då var vi alle samla på Kvamsedalsreset og klar for å gå ned i sjølve dalen.

Fv: Lars-Petter, Marit, Oddvar, Anne, Kari, Jon-Inge, Janne Kristin, Sabrina, Bettina og Roland

 

IMGP1292_1

Roland, Bettina og Sabrina er faste sommargjestar på Sæbø og storkosar seg i den norske naturen. Dei kjem frå Eisingen i Tyskland som ligg søraust for Frankfurt.

Å få være med ein slik tur der dei ikkje behøver å tenke på kvar dei går, er ein fantastisk opplevelse, var bodskapen dei ville få fram. Her er dei klar for siste etappe til Kvamsedalsbrunene.

 

IMGP1303_1
Kari, Jon-Inge, Janne Kristin, Lars-Petter, Marit, Oddvar og Anne koser seg i den flotte utsikta ned mot Bjørke og Finnes. Dei tyske gjestane våre fortrakk utsikta lenger oppe då den siste avsatsen var faretruande, synest dei.

 

IMGP1306_1_1
IMGP1317_1
Telelinsa måtte brukast litt. Her ser ein det fantasiske klyngetunet på Finnes
Og andre vegen ser ein Leira med tunellinslaget nederst i bilde.
IMGP1319_1
IMGP1320_1
Og då var det å begynne på turen heim. Selhaugen i Kvamsedalen ligg der så fint i terrennget. Dei fyrste av oss er komne på plass.
Klar for å forlate Kvamsedalen

 

IMGP1328_1
Men før fotografen var komen opp til fjellvatna, var herr og fru Olsen ferdig med ein dukker i det inste fjellvatnet, som er mykje varmare og meir eigna for bading. Dette er absolutt å anbefale seier dei to. Her får ein tilbake kreftene i sur og sliten musklatur.

 

IMGP1329_1 IMGP1330_1
Det er ikkje all skotøy som er egna for å gå på snøbreda, og då er det trygt og godt med eit solid tau med trygge fjellvante folk på kvar side.
Opps, der vart det bruk for tauet, men Marit var der som eit trygt anker bak, så det var ikkje problem for Sabrina..

 

IMGP1332_1
Då var vi trygt heime på Vasstøylen og vi ventar på dei siste.

Ei fantastisk dag med topp vér og deltakarar som hadde eit mål; å få oppleve naturen i fellesskap med andre.

Takk til Naturfestivalen og Hjørundfjord kulturvernlag som er iniativtakarane, er bodskapen frå oss alle.

 

Les om andre artiklar som er skrevne om Kvamsedalen