Det er Hjørundfjord kulturvernlag som er arrangør for turen og turen er gratis for deltakarane. Vi samlast kl.10.00 ved Storsætra som ligg ved fyrste dyrkningsfeltet i Kvistaddalen. Det vert to vegvisarar som har lagt opp turen i fleire etappar.
Råsa mot Kvamsedalen går frå Vasstøylen over Kvamsedalsfjellet som vi ser i bakgrunnen på bilde
Den fyrste etappen går til Vasstøylen og er ein fin familietur som er lite krevjande. Den neste etappen går til Kvamsedalsreset over fjellet og forbi fjellvatna slik ei får sjå nedi Kvamsedalen. Dei som då ikkje føler seg sterke nok til å ta turen nedi sjølve dalen, kan på eiga hand ta seg heimatt over fjellet sjølve. Dette er ein fullverdig fjelltur som ein godt kan avslutte der og då.
Frå reset på Kvamsedalsfjellet ser ein nedi Kvamsedalen og vatnet i bakgrunnen.
Frå Kvamsedalsbrunene ser ein ned i Hjørundfjorden til Viddal, Leira, Kalneset, Bjørke og Finnes.
På vegne av Hjørundfjord kulturvernlag ynskjer vi alle velkomne på denne flotte turen. Dette er ein krevjande tur for dei som ynskjer å fullføre heilt til Kvamsedalsbrunene og det krevs god sko og skulle veret verte surt er det viktigt med eit evnt. klesbyte.
Og sjølvsagt er ein skikkeleg nistepakke og drikke svært viktigt.
Vel møtte!
Kommentarar
Skulle det være noko som er uklart så kan du ringe tlf.90203236 for meir informasjon.