Dette kan ikkje kallast ein quiz - for eg veit ikkje svaret  Men kanskje kan vi få namnet på dei to "ukjende" blomane under i kommentarfeltet?  Det kan forresten hende at eg spurt og fått svar før, men namna har ikkje så lett for ås etje seg fast der oppe lenger...

Saksa 013 copy
Denne blomen fann vi nesten oppe i Leknesdalen, på Leknessida, sist veke.  Blomen liknar litt på gauksyre, men er mykje større, 10 - 15 cm høg stengel.

Saksa 031 copy Saksa 032 copy
Denne blomen var litt høgare oppe i fjellet. Til høgre ser du bladet/blada litt betre.  Dette må vel vere ein orkidè?  Den dufta i alle fall svært godt.

Saksa 034 copy
Dei kvite blomane på fotoet over er kattefot. (?)

Saksa 042 copy

Vakker sommareng på Lekneset.  I alle høve på denne tida av året beiter ikkje geita lenger i området opp mot Leknesdalen.  Kor lenge vil det gå før det vakre landskapet gror att av kratt?

Lynghalstinden 060 copy Lynghalstinden 062 copy
Tiriltunga er vakker, også med Hjørundfjorden og Sæbø i bakgrunnen.

I desse dagar er det store mengder med svært vakker oppe under Lynghalstinden.  Kanskje bør namnet til denne toppen endrast til Tiriltungehalstinden?