Gunnar-råsa med Åseråsa og Storenakken som alternativ nedatt.
Kari, Unni, Hilde, Jonny, Gunnar, Lisbeth, Janneche, Fred, Bernt Arve, Ann Helene og Bodil.
Heile elleve møtte opp i fonnvernet til ei runde i Gunnar-råsa denne måndagen.
Ein god gjeng hadde allereide møtt opp i fonnvernet fem på seks, og enda fleire var i kjømda.
Til slutt når klokka var seks, vart vi jammen elleve stykker, vêret skremer ikkje oss heldigvis.
Bernt Arve og Unni tek ein kvild på eit av dei underlege u- forma grantrea etter fonna i 1979.
Ein rask stopp ved "vinterboka" før vi tek fatt på lauvskogen.
Vinterboka er boka i den raude dimmaren du ser på treet til høgre, dit kan du gå nesten heile vinteren og skrive deg i boka, fint å gå i granskogen.
Som de ser er råsa godt opptrakka, som ellers i området vått og litt sleipt, noko anna kan ein ikkje vente.
Alle vil stå bakerst og ingen fremst på bilde.
Då lyt ein berre knipse i full fart når alle går på rekke og rad.
So var vi ved steinen og boksa, fellesbilde må takast og skriving i boka, så er det vegen vidare.
Nokre vil gå via Storenakken, andre vil nedatt same veg, og endå nokre vil ta
Åse-råsa.
Denne gjengen vil ta Åse-råsa og vinkar farvel til oss som gjeng mot Storenakken.
Pass på, Skonndalen er full av stooooore fine søte blåbær, mmmm litt av ei løn når du kjem dit.
Janneche og Unni i knutsgjølet, Kari og Bernt Arve har visst sprunge frå oss.
På Storenakken skriv vi oss i boka, nyt utsikta og sjekka sopp-plassane, ja alt ser bra ut.
Bernt Arve såg vi att nederst i korsen, han hadde som fleire gått feil ved eit tre som er velta, der har hjorten laga ei lure-rås som endar i fonnskog av verste sort.
Eg skal passe på og rette opp merking og sage vekk treet slik at råsa vert synleg att.
Om du går der før eg rekk dette, pass på der ligg eit tre i råsa dette må du krype under, ikkje gå rett ned på hjorteråsa. obs obs
Fin tur med gratis dusj på slutten, det fins ikkje dårleg vër berre dårlege kle.
Takk for turen.
Neste måndag er det tur til Vasstøylen og Langhorndalen,
Vel møtt!
'¨
Kommentarar