Ord til ettertanke kan finnast i bøker, på doveggen eller bak på ein bobil. Eit tysk par har formulert ein livsvisdom og plassert denne teksta bak på bobilen.
Omsett til norsk kan det seiast slik:
” For gammal til å arbeide,
for ung til å døy,
frisk nok til å reise”.
Vi fann dette motivet på ei av ferjekaiene i distriktet og synest at det kan formidlast til fleire.
Og med dette som motto drog dette paret rundt i vårt vakre land! ”God tur!”, kunne vi seie.
Kommentarar