Alle foto:  Knut Hustad.  Klikk på dei for å få dei i stort format.

056
Saudedalen.  Arkivfoto frå september 2010.

Ekspedisjon til Saudedalen
Sommaren 2009 utrusta- og gjennomførde nestoren i Hjørundfjord sogelag, Jarle Walseth, ein ekspedisjon til Saudedalen, ein dal ein eller annan stad mellom Hustad og Skår.  Målet var å finne att tuftene etter gjetarhytta til Trefot-Jo, ein myteomspunnen gjetar som skulle hindre at sauene til Hustad-folket vart etne opp av ulv og bjørn  rundt midten av 1800-talet.  I tillegg skulle Trefot-Jo passe på at geitebukkane ikkje kom opp i  dalen.  Alt dette kunne ikkje vere enkelt for ein einfota mann – ein einfota mann som altså hadde tre føter.  Samanhengen var at den eine foten hans visstnok var varig bøygd bakover ved kneet.  Då vart det vanskeleg å gå.  Løysinga vart ein påsett trefot under dette kneet.

Det er rett å seie at Walseth sin ekspedisjon enda med stor suksess.  Etterpå skreiv han ein artikkel , I fotefare etter Trefot-Jo,  om bragda og i rusen nesten utfordra han Thomas Hustad til å bygge ein kopi av gjetarhytta til Trefot-Jo, ei hytte på 2,6 m x 2,6 m.  No, sommaren 2011, har  Thomas, mannen på kaia, den tidlegare bonden og den tidlegare mòttesnikkararen for sjølve riksantikvaren, teke mot utfordringa til Jarle Walseth på strak arm.

Thomas gjetarbu 013 copy Thomas gjetarbu 018 copy

Gjetarhytta snart ferdig
Dei delvis neddottne murane/veggane til gjetarhytta i Saudedalen skal byggast opp att.  Thomas lagar ny takkonstruksjon – og er snart ferdig.  Nyleg fekk han utfraftsperrene på plass.  Det er mykje tidkrevjande handarbeid i ein slik konstruksjon.  Likevel kan Hjørundfjord sogelag kan ta det med ro – Thomas skal ikkje verte store utgiftsposten.  Den no avdøde lokalhistorikaren Anders Hustadnes, har fortalt at Trefot-Jo kvar 14. dag fekk bore opp ei spann med surmjølk i tillegg til  flatbrød og boknasild.  Og så fekk han løna si – ein ny trefot.  Thomas skal ikkje ein gong ha ein trefot for arbeidet.  Nei, tvert om så spanderer han all material også.     - Dette er siste restane frå tømmerlageret mitt. Det er godt å få rydda opp.

Ferietid
No er det rett nok ikkje berre handarbeid som gjer at bygginga av takkonstruksjonen  tek si tid.  Det er   i ferietid og Thomas vil syne respekt for dei ferierande – det vert altså lange pausar.  I tillegg er det mange som kjem bortom og spør og grev om alt mogleg både om bygget, om den rustne  lekteren som no ligg fortøydd ved kommunekaia osb.  Thomas, som også er hamnefogd, svarer på alt.  Men ein ting må vere klart – byggeplassen er erklært ikkje-røykfritt område.  Det må sjølv Helge Strand,  ikkje-røykar og tidlegare fotballspelar og idrettsmann,  finne seg i når han tek  ein tur bortom byggplassen for å kvile seg frå alle laksespekulasjonar om oppdrettslaks i elvane.

Thomas gjetarbu 046 copy
Tidlegare fotballspelar og idrottsmann Helge Strand(t.v.) må finne seg at byggeplassen utanfor kaihuset på Sæbø er erklært "Ikkje røykfritt område" av Thomas Hustad.  For Asbjørn Hjorthaug (t.h.) passar erklæringa godt.  Rød miks er tobakksfavoritten hans.

Og når kjem hytta på plass? Når skal den ferdige takkonstruksjonen flygast opp? – Spør Jarle, avsluttar Thomas – det er han som tek seg av alt papirarbeid. Skal vi satse på at den nyrestaurerte gjetarhytta er klar til overnatting neste sommar?

Thomas gjetarbu 052 copy
Hamnegogd og gjetarhyttebyggjar Thomas Hustad får mange spørsmål om dagen.  No lurer folk på kor lenge skodda vert liggande langt ned i fjella.