Vegard Riise på vestegga rett under toppen av Store Smørskredtind |
Ja, faktumet gjer meg nærast litt trist til sinns, men boka som ligg på den 1631 meter høge toppen lyg nok ikkje – dei siste åra er det svært få som har vitja Store Smørskredtind i sommarhalvåret.
Sist torsdag kom det endeleg ein skikkeleg fjelldag, skodda var for det meste vekke og sola skein frå klår himmel. Slogen og dei andre kjende toppane i kommunen hadde mykje arbeid med å ta imot alle gjestane. Ja, nokre få av oss vitja til og med Store Smørskredtind. Det burde vi sikkert ikkje ha gjort, i alle høve burde vi ikkje gått opp vestegga.
Problemet med vestegga var kort og godt kulden. Over ca. 1400 høgdemeter var det nemleg ein god del is – fersk is. Og området der denne ruta går, ligg i skugge til langt på dag. Dette burde eg sjølvsagt ha tenkt på då eg såg at det berre var nokre få plussgrader om morgonen. Heldigvis gjekk alt fint, men vi valde å gå ned att den solrike søraustsida og vidare ned Langfonndalen til Lygnstøylvatnet.
Vegard Riise(t.v.) og Jakob Hustad er klar for toppstøytet mot Store Smørskredtind. Ein del av vestegga i bakgrunnen.
Manglande
merking
Bratt og rått og vått fjell kombinert med is kan vere store nok problem i seg
sjølv på ein topptur, men manglande-/dårleg merking av ruter gjer i alle fall
ikkje situasjonen betre. Ruta til/frå Store Smørskredtind på søraustsida er no
knapt merka i det heile. Ruta opp langs
vestegga har framleis nokre få vardemerker, men der er langt færre enn der var
berre for få år sidan. Problemet er nok
at vardane vert feia ned av snøskred vinterstid og få-/ingen set dei no opp
igjen.
Paul Schmidt Skylstad er ein av dei som er mest kjend i området. Eg har vore med han på fleire turar til denne nest høgste toppen i Sunnmørsalpane. Alltid har han teke seg tid til å legge ein stein eller to på mange av småvardane langs rutene til toppen. Desse vardane har vore til uvurderleg hjelp for dei av oss som vil nå toppen. Men kva skjer når eldsjelene, dei som tek seg av vardebygginga, ikkje lenger går så mykje på denne eller andre vardemerka tindar? Det seier seg sjølv – rutene vert utan merking og folk vel å gå på andre toppar.
Raudmåling?
Eg har ikkje spurt, men eg kjenner meg viss på at
Paul ikkje vil bruke raudmåling rett på fjellet, rett på Store Smørskredtind,
som rutemerking i staden for små steinvardar.
Mange, sikkert eg sjølv også, er i så fall samde med han. Men ein klatt tørr måling rett på fjellet
vert ikkje fjerna ved første snøskred…
Som sagt, det er no få namn i toppboka på Store Smørskredtind. Rett nok er det ikkje alle som finn boka, andre igjen vel å ikkje legge att signaturen sin på toppen, men det vert nok ikkje meir enn ca. 30 personar på toppen av denne tøffaste toppen for turgåarar i Sunnmørsalpane. Vi kan sjølvsagt skulde på ein dårleg sommar, men langt fleire burde ha fått kjent gleda av å vitje Tinden, som er Paul sitt kjælenamn på denne toppen.
Jakob Hustad på 1631 meter høge Store Smørskredtind. Hjørundfjorden og Bondalen i bakgrunnen.
Dårleg
merking – lite trafikk
I dag er altså merkinga av rutene til Støre Smørskredtind svært dårleg. Eg er overtydd om at det er den viktigaste
årsaka til at så få no går til toppen som gjerne vert kalla storebroren til
Slogen. Lite trafikk gjer også at få vil
finne vegen gjennom bjørkekrattet til råsa ned Langfonndalen. Faren er nok stor for at denne råsa knapt er
gåandes på grunn av attgroing. Skal vi
prøve med litt raudmåling på fjellet likevel?
Knut Hustad
---------------
Nokre ekstra foto til slutt frå turen til Store Smørskredtind som Vegard Riise, Jakob Hustad og underskrivne tok torsdag 11. august.
Vegard Riise på Store Smørskredtind. Foto mot aust/Strandamoldskreddalen. På foto til høgre ser vi fjellet Skruven i venstre biletkant.
Turen ned frå Store Smørskredtind tok vi på søraustsida og gjekk vidare ned Langfonndalen til Lygnstøylvatnet og Norangdalen.
Kommentarar
Bare for å ha det klart med en gang. ÅST har ikke merka ruta til Slogen. Vi har ikke merket til topper i det hele tatt. Hovedgrunnen til dette er at det er vanskelig/umulig å opprettholde standarden på merkingen i et så tøft terreng som her. Det måtte vært sjekket og ordnet flere ganger årlig. Det er helt rett at det ikke skal merkes på fast fjell, men på løs stein og varder.
En annen grunn er at vi ikke vil legge terskelen for lavt på såpass tøffe toppturer. Mange har nok med Slogen i godt vær, og Store Smørskredtind i yr og tåke er en langt mer seriøs sak. På DNTs ruter skal det i hovedsak være mulig å ta seg fram i selv i dårlig vær.
Det er også ønskelig at DNTs rutenett er mest mulig sammenhengende. Dvs, at det går fra hytte til hytte, eller vei til hytte.
Det blir skrevet utrolig mye om Slogen i friluftsblad, “livsstilsblad”, flymagasin(sas,widerøe og også en del utenlandske) og i aviser som DN. Slogen er alltid med når Sunnmøre nevnes som reisemål, eller når “Norges ti flotteste topper” skal kåres. Faktisk er det slik at vi på ÅST-kontoret prøver å flytte trafikken litt til Velleseter og topper i andre områder
Vi gjør også det samme på vårparten. Anbefaler nesten aldri “reket” til Kolåstinden eller Randers, men så lenge det er det folk leser om, så er det dit de vil.
Tilbake til saken: Det hadde vært kjempefint om noen(lag,organisasjon) kunne tatt på seg rydding av Langfonndalen, okseråsa og tilsvarende steder. ÅST har allerede over 40 mil med løyper i Sunnmørsalpene og Tafjordfjella som skal sees etter, bruer som skal vedlikeholdes og skilt som skal byttes ut, og det er allerede i overkant av hva vi har kapasitet til. Vi kan sikkert bidra med å rydde å merke i oppstartsfasen, men vedlikeholdet måtte andre stå for. Det kan også være mulig å få midler til dette fra kommunen.
Noen offisiell merking til Store Smørskredtind tror jeg ikke burde gjøres. For det første blir det mye jobb å holde den vedlike. For det andre er toppen for utsatt, i hver fall i dårlig vær, til at det burde lokkes folk dit. Vi ville fått mye kjeft fordi sikkerheten ikke var god nok.
Det må nok også en del markedsføring til, slik de har gjort med Romsdalseggen i Åndalsnes. Vi har en merket rute over Holeegga. En fantastisk fjelltur, som for så vidt går over en topp, men den veldig lite brukt. Merking i seg selv trekker ikke så mange folk.
Hvordan er det med besøket på Saksa? Dette er en tur for alle, og stien er merket.
Mvh
Åsmund Steen, ÅST