Denne gongen  var det Berit og John Urkegjerde sin tur - dei oppdaga fukt i kjellaren sin.   Jonny Flatnes i Flatnes maskin AS vart tilkalla til huset deira borte i Hustadvika.  Han er flink til å lage grøfter og gode dreneringar, men kan han vite kvar vassleidninga til huset ligg?

No har dei fleste av oss ei viss peiling på kvar denne forbaska leidninga ligg - ein stad under blomsterbedet eller under plenen der prydtreet står.  Problemet er berre at vassleidningar har ein tendens til å flytte på seg gjennom åra - kanskje fleire ti-meter.  Og så vert ein uventa vassprut  resultatet, og ekstra kostnadar. Men John Urkegjerde har løysinga.

Rås og søkepinne 018 copy
John Urkegjerde med ynskjekvist

John har ei stoppekran på vassleidninga si - og han visste nokolunde kvar denne krana var plassert.  Men John ville vere sikker.  Han fòr  bort til næraste epletre, braut seg ein kvist, tok rett tak i kvisten og gjekk så over staden der han trudde vasslangen låg.

Eg stod sjølv og såg på - kvisten vreid seg plutseleg og peika rett ned.  John tok fram spaden, flekte av torva på plenen - og der var både vassleidninga/slangen og stoppekrana.

Rås og søkepinne 014 copy Rås og søkepinne 025 copy
På foto til høgre syner John korrekt grep.

Eg må vedgå at eg var litt skeptisk - visste John kvar slangen låg allereie og ville berre halde litt ap med  meg?  Men John bad skeptikaren prøve sjølv.  Eg tok tak i kvisten på korrekt måte og gjekk over staden.  Og tru det eller ei - kvisten vreid seg nedover då eg var rett over leidninga.  Sikkert ikkje så sterkt som med John, men kvisten vreid seg med etter måten stor kraft.

John meiner at det er same kva type tre ein tek kvisten frå, men eg stal i alle fall epletrekvisten med meg heim att.  Før vinteren må eg nemleg grave vassleidninga her djupare ned for å unngå frost. Og kvisten vreid seg her på tunet også - ein gong.  Men eg merka av staden  der eg fekk utslag og no står det berre att å sjå når gravemaskina kjem...