Klokkura 11 juli.
Janneche, Ann Helene, Fred, Johanne, Bodil og Bernt Arve, kosar seg med sjokolade, neter og anna godt i "Klokkurslottet".
Vi starta i opplett og optimismen var stor, men råsa var godt våt.
Bygene såg vi låg inni fjorden, men vi håpte at vi slapp unna.
Fred, Ann Helen, Johanne og Janneche.
Grønt og frodig er det i allefall i fjelldalane i år.
Brått kom det noko som var raskt og raudt bak oss i råsa, vi venta, og der kom Bernt Arve susande.
Du må ikkje sove for lenge til middag gut!
Som de ser venta vi tolmodigt på Bernt Arve, men han hadde ikkje før nådd oss att, så gjekk han framom oss etter få sekund, snakk om "hare".
Ei lita kvild på Stokkesetra det er vanleg .
Vi vil gjerne montere ei trimpostboks her, skal tru om selveggen kan vere rette plassen?
Skodda og regnet kraup tettare og tettare innpå oss, så vi var nok forberedt på ein eling.
Mange kjende namn på steinane innover råsa.
Mykje frå 80 og 90 åra, var folk flinkare å ta med ungane på tur den tida skal tru?
Der kunne vi sjå Klokkura i sikte, akkurat då kjende vi dei fyrste dropane,så vi var snare å kome oss i ly.
Her fann vi hjarterom og ly, kjekt at vi kan få lov å kome inn når regnet høljar ned ute, atter ein gong: Tusen takk for lånet.
Legg merke til nyttårsplakaten på veggen bak.
Regnet vilde ingen ende ta, så då var det berre å få på plass boka i boksa, og gje seg på heimveg.
Framover mot Tryvatna var det lysare, men vi valgde å gå nedatt denne gongen.
Her ser de råsa, det var best å hoppe frå stein til stein, men vi vart skikkeleg våte til slutt uansett.
Her ser de ein som trivst godt i dette våte klimaet, kantarellen veks godt.
Det kan nok verte eit svært godt soppår i år.
Tusen takk for laget, fin tur inn, nesten symjetur heimatt.
Vi synest det var rett friskt!
Neste måndagstur er tua på Hustadneset, meldingane ser bra ut.
VEL MØTT!
Kommentarar