Det er godt å finne augekvild andre stader og.

Det er det vi kallar ein jordbærstad der ein slår seg til i både ei og fleire veker og kjem tilbake neste år - og neste år - og neste år…

Sommerferie 2006 074

Frå kyrkjetårnet -  56 meter over gatenivå – ser vi  austdelen av marknadsplassen. Den store byporten  ligg i enden på plassen. Arkadehusa ligg vegg i vegg med endevegg mot gata. Til dagleg er det parkering på plassen. Vi ser og omgivnadene til gamlebyen. Bymuren omfatta og dei næraste kvartala utanfor Namesti Miru.

Etter mange år på bilferie med kortare opphald i mange land, byar og stader i Mellom-Europa, har vi funne vår jordbærstad. Men vi treng ikkje halde plassen hemmeleg, for det er bær å finne for andre. Vi fann fram til Domazlice, eit lite kommunesenter sør-vest i  Bøhmen i Tsjekkia – berre nokre kilometer frå grensa til Bayern i Tyskland.

Vegen dit

Frå Kiel følgjer vi motorvegar austover i retning Berlin, sørover til vi møter motorvegen som går i retning mot Pilzn og Praha i Tsjekkia. Nokre få mil på ”verdens beste motorveg” (iflg. tsjekkarane)  dreiar vi sørover gjennom  jordbrukslandet – på bra vegar etter norsk standard.  Vi ser restane etter kollektivbruka frå kommunisttida. Mange av gardsbruka ligg brakk, men dei fleste er velstelte bruk med kornproduksjon og fehald. Nokre av dei  små landsbyane som ligg langs vegane, kan verke fråflytta, men vi  ser og mange nye industribygg – truleg bygde med vestleg kapital – som gir arbeidsplassar til eit folk som omstiller seg frå eit ineffektivt landbruk til ”modern times”.

Sommerferie 2006 063

Det er marknadsdag kvar onsdag med eit yrande folkeliv ved handelsbodene.

Mange byar i Europa har sine ”gamlebyar” i sentrum med restar etter bymurar frå  mellomalderen og med gamle, velstelte hus som har si historie mange hundre år attende. Det gamle sentrum i Domazlice – Namesti Miru (marknadsplassen) – skriv seg frå 15-1600-talet. Byen hadde då ei blomstringstid med tekstilhandverk. 

P1040273

Her er det Honda Gold Wing-treff i Domazlice. Om lag 100 køyredoningar vart vist fram av  stolte eigarar frå dei fleste land i Europa. Det kan synest som desse to karane kranglar om kven sin Gold Wing som er flottast, men elles høver dei godt til kvarandre…

På begge sider av marknadplassen står dei gamle fasadene vegg i vegg med arkader – overbygde fortau med rundbogar både mot gata og innvendig over fortaua. Alle husa er ulike i form, storleik og dekorasjonar. Bak dei heller smale endefasadene  mot gata  - gjerne 2 eller 3 bogegangar -  strekkjer husa seg i lengderetninga langt innover.

Sommerferie 11 127

Arkadehus i rekkje langs marknadsplassen. Arkadene er rundbogane som vender ut mot gata. Dei er dimensjonerte for å bere vekta av huset og er solide. Under gatenivået er det kjellar til husa, og vi var vitne til at ei lita luke vart fjerna og vinterveden vart kasta ned i vedkjellaren under.

Sommerferie 07 002

Vi vert ikkje ferdig med å studere detaljar på dei gamle husa. Betong og murpuss er    materialen som vert brukt. Dei som skulle utføre slikt arbeid, måtte rå over teknikkar vi ikkje   kjenner frå vår yrkesopplæring.

Chodskoane

I austenden av maknadsplassen ligg den største av dei to igjenverande bymurportane.  Maria-kyrkja ligg sentralt ved marknadsplassen med eit skeivt tårn som ragar 56 meter over gata. Den innvendige trappa til topps  er spiralforma med 194 trinn og er 59 cm brei.  Når gudstenesta er slutt på søndagane, er det verdt å studere dei  spesielle folkedraktene som chodskofolket brukar  i  mange høve.

Sommerferie 11 110

Chodsko-folket er stolte av si fortid som kongen sine priviligerte landegrense-vakter. Dei brukar folkedraktene sine straks det byd seg eit høve. I dette høvet var det vitjing frå vennskapsbyen Furth im Wald på andre sida av grensa. Gammal fiendskap er lagt død, også frå chodsko-folket si side.

Chodskoane er ei etnisk folkegruppe som budde i dette området ved vestgrensa av Bøhmen. Kongen av Bøhmen knytte til seg ei hær av  chodskomenn  som skulle vakte grensa. Dei organiserte seg i småbyar med  om lag 50 innbyggarar og hadde hemmelege varslingssystem – ei ordning dei heldt ved like frå 1325 og fram mot 1800-talet. Dei fekk privilegium  og ein særskilt status i føydalsystemet. Viktigast var retten til personlege fridom – dei var liveigne, men berre under kongen av Bøhmen. Ein hunderase (Chodsky Pes) vart ala fram av grensevaktarane. Chodskoane held framleis på ein eigen dialekt. (Norske ordlister har ikkje omseting av tsjekkiske chodsko.   Latin brukar og chodsko. På tysk brukar ein namnet Chodenland på regionen.)

Sommerferie 11 086

Hunderasen Chodsky Pes vart utvikla av grensevaktene. Og då er det på sin plass å utforme   ein ”statue” av denne særeigne rasen. Aase Emblem Urke vart heller lita samanlikna med denne giganthunden i betong.

Norske er sjeldan å sjå

Kvar onsdag er halvparten av marknadsplassen eit yrande torg med handelsboder  der det meste kan kjøpast. Vi skal tilstå at dette brukar vi å ta med, ikkje minst for å sjå livet som følgjer med på eit slikt torg. Det er ikkje mangel på vareutval i dei vanlege forretningane heller. Småforretningar ligg i alle husa inn mot Namesti Miru og eit par kvartal utanfor gamlebyen ligg Kaufland og Penny Markt og liknande handelssentra.

P1040204 Sommerferie 11 007

Det vert stilt krav til huseigarane i Domazlice. Dersom ein ikkje kan halde huset i stand, skal det seljast. I fjor sommar var det på gang eit restaureringsarbeid av dette huset og vi venta spent på resultatet då vi kom tilbake i år. Huseigaren og byen må vere fornøgde med resultatet.

Det er i dette området vi har funne oss godt til rette – så godt at vi kan fortelje det vidare om det skulle freiste nokon. Vi har registrert  mest tyske turistar og det er mange som syklar på godt utbygde sykkelstiar. Hotellverten vår på Konselsky Senk  fortalde i sommar at vi er dei einaste norske som har vore på hotellet dei  åra han hadde drive. Hotellet kan like gjerne kallast pensjonat, har 10 doble rom, men har restaurant både inne og ute i bakgarden.  Ved lunchtid er det fullsett og mot helga er det lurt å reservere bord. Byen har både hotell og andre overnattingsstader. Vi brukar tysk og engelsk i samtalar med folk i tillegg til fingerspråk.

Babylon utanom Mesopotania

Vi ruslar rundt om i byen, vi dreg ut til solingsplassen Babylon i godveret, vi kosar oss med lunch i eitt- tida på dagen og et middag i sju-tida om kvelden. Dei fleste måltida har vi på det vesle hotellet ”vårt”, men det er mange andre tilbod rundt om. Vi går turar i nærområdet og tek bilturar for å titte på andre byar, slott, borger, museum  og andre tilbod som har interesse.

Sommerferie 11 050

Bade- og fritidsområdet Babylon har blitt opprusta siste året. Demninga er ny og vatnet er utskifta. EU har dekt 85% av kostnaden på 34 mill. , 11-12 mill. i norske kr. Bygget i bakgrunnen inneheld 200 omkledningsrom.  Ein overskya dag nyttar vi beina på tur rundt vatnet.

Sommerferie 09 053

Minne frå den kalde krigen og frå tida før siste revolusjonen (”Fløyels-revolusjonen”), står framleis. Under ein tur på ei høgde med vidt utsyn sørover i Bayern, gjekk vi oss fram på dette militære vakttårnet. Nabobygningane vitna om avansert teknologi som vart brukt til å følgje med på kva som rørte seg i luftromet og utanfor grensa. I underetasjen var det eit lite museum som fortalde historia om kommunisttida  som tok slutt i 1990.

Men viktigast av alt: Det er her vi kjenner kor godt det er å ta livet med ro og trivast der vi bor. Bygningen er nokre hundre år gammal og er ikkje eit luksushotell, men reint og stelt.   Vi vel å vere nysgjerrige når det er noko som kan dukke opp og vert mottekne med smil  og føler oss velkomne.  Vi tek gjerne med både eit motorsykkeltreff eller ein ”fjelltur” , men det er ikkje alpelandskap i dette området.

Sommerferie 08 081

Frå gata - 50 meter frå marknadsplasssen - ligg Konselsky Senk. Restaurantinngangen i fronten, medan hotellinngangen ligg nedom tredje rundbogen. Huset har historie fleire hundreår tilbake i tid.

Sommerferie 09 015

Og slik kan vi ha det på uterestauranten i bakgården ein varm ettermiddag. Litt kjølevatn trengst før middag. Eg tør knapt samanlikne prisen på ein halvliter med prisen heime...

Klagar ikkje på prisen

P1040293

Verten vår, Albert Astolos, er sjølv chodsko og handsamar oss nordmenn som VIP-personar.

Siste sommar vart det 15 overnattingar på Konselsky Senk  i Domazlice. Og prisen kan vi i alle fall ikkje klage på:  12.720 korona – inkl. frukost -  svarar til 4.240 norske. Prislista heng i glas og ramme på veggen og er frå 2006. Den opererer berre med seks dagar i veka – den sjuande er gratis.