Lissjehaugen og tua på Hustadneset 18 juli.
Varmt og fint var vêret, og det lova godt, for siste to åra har vi for det meste vore på Tua på Hustadneset i regnvêr.
Johanne, Ann Helene, Haldis, Bente, Unni, Janneche, Bodil og Jonny, her avbilda på toppen med Slogen og Stålberghornet i bakgrunnen.
Utsikta var flott, både på veg opp og på toppen.
I enden av skogsvegen ser vi mot målet, og det står skilta som viser vegen oppover granskogen.
Bra stigning i granskogen, men godt å gå.
Du ser raudemerket på treet, råsa er godt merka, men følg med somma stadar har hjorten laga stikkvegar.
Strålande sol i skogen gir utruleg dårlege bilde, men me kjenne stemninga i varmen.
Her i denne råsa gjekk kyrne på Hustadneset opp kvar morgen og heimatt i fjøset kvar kveld, og det var ungane som henta dei heim.
Haldis har med flottespray, just in case!
Vi måtte ha mange små pauser på denne brattaste biten.
Tenkjer på små barneføter og også på kyrne som gjekk her.
Her i denne "sikla" var ei av drikkevasskjeldene til folket på Hustadneset.
Dei hadde ein brynn, og seinare fekk dei vatn frå denne kjelda også.
Det var om sommaren så smått med vatn at klevasken vart gjort i Lidagjølet, der vart dei tre tausene, Ragna, Karoline og Berta rodde med båt inn i gjølet, med skitnekle, gryte, vaskebrett, fyrstikker og litt mat.
Der vaska dei kle ein dag i veka frå dei var 10-12 år gamle.
Her er vi på Lissjehaugen, her var kyrne på beite.
Granrekkja du ser i bakgrunnen vart planta for at ikkje kyrne skulle gå utføre hamrane der.
Vakker utsikt med fjellrekkja i bakgrunnen.
Janneche, Johanne, Ann Helene, Bodil, Bente, Unni, Haldis og Jonny.
Innover mot Nordangsfjorden, flott utsikt i alle retningar.
Litt lenger oppe vert terrenget litt annaleis, meir lyng, opnare og flatare.
Bodil og Unni poserar med Skår og Viddal i bakgrunnen.
Bak i bratta ligg Lidagjølet, og det stuper rett i fjorden, så det var ikkje store området tausene på Hustadneset hadde å vaske klede på.
Fellesbilde mot Viddal, Haldis og oss andre gjøymt i Lyngen.
Så er vi oppe, og vi kan ta ei velfortjent pause, skrive oss i boka og sende helsing til Kari og Alvhild som er på Busstur og tok måndagsturen på Torghatten.
Sjølv om vi egeltlig kunne teke kvelden i sola på Tua, so vart det til at vi rusla oss nedover att.
Eit siste stopp der vi nyt fjellrekkja utover fjorden, med både Nesstaven og Trandalhatten i positur.
Så eit bilde av ei velvaksa........
ja kva kalla DU denne her?
Takk og pris for ein flott tur, neste måndag er det tua på andre sida, Sæbøneset.
Etter turen neste gong kan det, om vêret er fint, verte ei lita samling etterpå for den som vil. Feriemodus!!
Uansett VEL MØTT!
Minner om turane vi skal ha i Naturfestivalen- slå deg med!
Kommentarar
kan kvesse knivar på og bruke som myggmiddel googla eg meg fram til:
http://plaum-com.origo.no/-/image/show/1049942_knivkjuke-el-tjuke
rettelse: Kjuke: http://nn.wikipedia.org/wiki/Kjuker
Kjekt at du såg bilde på nrk ivar Svein, he fått fleire meldinga frå andre som såg også, kansje det vert fleire gongar?