Trivsel i sentrum på Urke

Ferien nærmar seg slutten og på nytt blir det sommarsamling på Grendahuset på Urke. Det starta med Heimkome-helg i 2007, så to år på rad med Urke-Helg, i fjor vart det kalla Kulturkveld og i år heiter samlinga Trivsels-kveld. Laurdag, 6. august kl. 19 vil styret invitere til ein triveleg kveld med allsidig program.

Herre i eige hus

I år skal det markerast at Grendahuset har skifta eigar ved at Urke Grendalag har fått kjøpe huset og ein stor del av tomtearealet av Ørsta kommune.

Grendahuset

Grendahuset på Urke vart bygt i midten av 1970-talet som gymnastikksal for Urke skule og var i bruk til skulen vart avvikla og borna flytta over til Sæbø skule. Frå 1. juli i år er det Urke Grendalag som er eigar av bygget.

-Det er grunn til å invitere bygdefolk og gjester for å markere denne overtakinga, seier leiar i Grendalaget, Eldrid Øye. Og ho skal i dette høvet presentere eit nystelt hus som har vore gjennom ei ombygging og skikkeleg ansiktsløfting sidan forrige sommarsamling. Meir enn 500 dugnadstimar er avvikla for å få pussa opp innvendig.

P1040376

Eldrid Øye er leiar i styret for Urke Grendalag  som skipar til Trivselskveld laurdag.

Innhaldet på denne festen skal bli allsidig der både unge og eldre skal opptre med musikk, song, revyinnslag og bygdehistoriske innslag både i ord og bilete. Deltakarane skal og engasjerast, ser vi i programoppsettet.  I tråd med å skape trivsel, blir det sjølvsagt mat og det er langt kjekkare å lage ein lynbasar i staden for å krevje inngangspengar.

Urke Helg 09 -tekst

Sommarsamlinga på Urke har brukt dette tradisjonsfotoet som vignett ved alle samlingane. Vi er usikre på kven som er fotograf, men trur det er "Frike-Jon", John F. Urke som tok biletet på 60-talet.

-Festsalen er utvida med om lag 30 prosent, men det er grunn til å tru at det likevel blir trangt på Grendahuset denne kvelden, men det er ikkje så ille berre ein har det triveleg, ymtar grendalagsleiaren. Alle skal vere velkomne !