Alle foto:  Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stort format

Trandalblues 035 copy
Ray Gelato and the Giants  var det store utanlandske trekkplasteret  på
scena fredag

Omtrent 500 publikummar på fredag, rundt det dobbelte på laurdag - utan tvil var 2011-utgåva av Trandalblues nok ein suksess.  Men så hadde også arrangørane gjort ein svært god jobb for å få ei god samansetning av lokale, nasjonale og internasjonale artistar/band.  Sjekk programmet ved å klikke her.

Trandal og Christian Gaard er, som mange no veit, ein stad med vakre kulisser.  Kvar du enn ser rundt deg finn du eit fotomotiv.  Likevel er det utruleg at du ein vanleg fredagskveld midt på sommaren kan ta deg ein tur til den vesle bygda og få oppleve vidgjetne artistar som Ray Gelato and the Giants og Knut Reiersrud Band.

Trandalblues 012 copy Trandalblues 013 copy
Trond Olsen Band på hovudscena Fjord, ferje og hyggelege folk

Fredagskvelden/natt til laurdag var vi som nemnt ca. 500 publikummarar på Trandal.  Vi hadde det som plomma i egget.  Rett nok var lufta litt kjøleg, men

det var plass til både å vere ute og inne.  Einaste minuset måtte vere at ein del måtte reise heim før Knut Reiersrud Band fekk fullført konserten.

Trandalblues har vore
ein årleg tradisjon sidan
2007. Festivalen starta i
uvêr, i eit telt med ca. 100
publikummarar. Dei siste par
åra har ca. 1500 vitja festi-
valen kvart år.

Laurdag måtte ein god del bruke meir tid i kø både for å kome seg til og frå Trandal, men til gjengjeld var vêret strålande.  Laurdagskvelden var vel Vidar Busk & Kjetil Grande m/band den store attraksjonen, men likevel meinte fleire at det var Bokkereidars Bluesband som var dei store publikumsfavorittane takka vere sitt gode scenetekke.

Det skal noko til å overgå dette arrangementet, men det er likevel all grunn til å gle seg - arrangørane har nemleg lova eit nytt Trandalblues neste år.  Då må ein nok tinge seg plass i god tid - no veit nemleg svært mange at Trandalblues tyder kvalitet.

Trandalblues 029 copy Trandalblues 028 copy
Vakker kveld Kjærleik i blikket
Trandalblues 020 copy Trandalblues 016 copy
Båtar Publikum

 

Trandalblues 074 copy Trandalblues 6
Gitarhelt - Knut Reiersrud Musikalsk duell
Trandalblues 2 Trandalblues 141
Intensitet Raudt lys, blå musikk