Tur til Villa Nordangdal 14 juli

Vi var ikkje seine når govêret endeleg kom, då vil vi på sommartur.

Vi bestillte bilar og på Fivelstadhaugen var dei ikkje seine å åpne dørene for oss.

Ein flokk på 26 stk tok laust , og rask servering av finaste sort, fekk vi.

sommar 2011 045

Vi leigde idrettslagsbussen og fyllte den raskt opp med turglade bebuarar.

Fremst her sit Ragnar og Oddfrid.

sommar 2011 046

Vi fekk også tak i ei drosje som kunne ta to rullestolar i tillegg til 10 andre, Bård Lillefosse heitte den sjåføren, velvillig og hjelpsam kar frå Folkestad.

Vår faste Drosjesjøfør er på ferie.

Fremst her sit Petra som var ei av initiativtakarane til turen.

sommar 2011 047

Då vi kom inn til Villa Nordangdal, sto ein flokk spreke kara og damer for å hjelpe oss inn og vel til bords.

sommar 2011 051

To staselege damer, ved eit staseleg bord.

Åslaug og Sigrunn.

Det var dekka med nystrokne damaskdukar og elegante lysesetakar, rett høgtidsamt.

sommar 2011 048

Kalla, Liv og Johanne har mange gode minner frå denne staden frå før, og stemninga var god og alle i godt humør denne dagen også.

sommar 2011 049

Karen kosa seg storleg i desse flotte omgjevnadane, og skrytte vel av maten.

sommar 2011 057

Mary, Ragnar og Arne ved det "runde" bord, Mary kunne fortelje at ho, som kjem frå Skottland, eingong fekk besøk av foreldra sine, valgde ho nettopp Villa Nordangdal til å ta ein tur og dei hadde "tea time" her.

sommar 2011 060

Knut, Arthur og Petra rundt bordet.

På veggane heng bilder av kongelege frå ulike tider, og vi følte oss som kongar og dronningar vi også.

sommar 2011 063

Iris, som driv dette hotellet, serverte oss og småprata litt med alle.

Gunvor, Borghild, Kirsten, Rebekka, Karen, kalla, Johanne, Marta, Solveig og Anna. Bak i kråa, Oddfrid, Bodil og Sigve.

sommar 2011 064

Medan vi kosa oss med mat og kaffi fortalde Iris oss om historia til hotellet frå det vart bygt og fram til i dag.

Alle fylgde intressert med og nokre stillte spørsmål og kom med kommentarar til noko dei huska godt sjølve, ei svært triveleg stund.

sommar 2011 065

Då vi skulle reise sa Iris at om ho nokon gong skulle kome på ein sjukeheim så vil ho på Hjørundfjordheimen, for slik ein glad og flott gjeng hadde ho aldri sett.

Ho skrytte av oss som reiste på spontan tur med ein slik optimisme og glede!

sommar 2011 068

Ungdommen slappar av i graset, Anna Elise, Sigve og Rebekka.

På fergekaia på Leknes, vart vi bittelitt forseine til 14 ferga og måtte vente ein time til neste.

Tusen takk til grendalaget som har eit flott toalett tilrettelagt for dei med rullestol, kva skulle vi gjort utan !

sommar 2011 070

Bodil og Knut var svært fornøgde med at det gjekk så bra, alle som var med skrytte av turen og takka oss som hadde "kokt ihop" dette påfunnet.

sommar 2011 071

Medan billetøren styrte med sitt i det flotte vêret, nerma vi oss Hjørundfjordheimen att, der venta middagen på oss.

Alle var einige om at det var ein gild tur, og vi skal ikkje vente lenge til neste gong.

 

                       Litt av daglege aktivitetar.

Eit lite "knippe" av noko som vi syslar med i kvardagen. Det gjeld å finne dei store gledene i dei små ting.

sommar 2011 008

Kvifor ikkje flytte heile gjengen ut og ta trimmen ute når vêret tillet det?

Alle kosar seg med trim, både med musikk og utan.

sommar 2011 014

Etter ei runde med store blå ballen treff Norunn rett i mål.

Norunn er den som trimmar oss, trim er godt både for kropp og sinn.

sommar 2011 115

I vår måtte vi felle nokre tred, dette held oss med arbeid ei heil ykt.

Nokre rydda greiner, og bar skatet i hengaren.

sommar 2011 149

Leif fekk seg tak i ein sagbukk, og saga mesterleg fine kubbar.

sommar 2011 160

Etterkvart kom hoggestabben og øksa fram og veden vart kløyvd.

sommar 2011 224

Vi har no ein flott stabel med turr ved, så kan vi fyre i bålpanna, og kose oss ute rundt bålet.

sommar 2011 222

Vi song og fortalde historiar, og det vart fleire og fleire som ville sitte ute rundt bålet med oss.

sommar 2011 223

Skodda har letta frå Skondalen og sola varma i kapp med bålet.

sommar 2011 226

Ingen hadde lyst å gå innatt til middag, vi hadde det rett triveleg.

Ragnar syng og Leif ( som er mesteren bak all veden) les avisa.

               Har du brukte frimerker?

Så ikkje kast breva dei er på, gje dei til oss, så kan vi klippe dei ut og sende til Tubfrim.

Då støttar du ei god sak, og vi har noko å pusle med i styggevêrstider.

sommar 2011 153

Haldis, Gunvor, Monica, Ragnar og Oddfrid i fullt arbeid.

sommar 2011 155

Anna er så netthendt og nøyaktig at klippinga går som ein leik.

sommar 2011 156

Mary er også i fullt "engasjemang".

sommar 2011 139

Leif, Karen og Torill kosar seg i sola.

Med dette vakre trekløveret, ynskjer vi god sommar vidare til alle lesarane våre.