Alle foto:  Ivar Svein Mo og Knut Hustad

Heile 25 tonn vog den eine langveggen til den nye gymnastikksalen på Sæbø, men krana frå firmaet Ulstein Mobilkranger fekk likevel buksert veggen på plass.  No kan både kranførar og dei fire andre som utførde arbeidet, puste letta ut.

Gymsal 003 copy
Den tyngste veggen(bak) er her på plass. Frå venstre ser vi ein nøgd sjef - Arvid Thuland - i entreprenørfirmaet Ing. Arvid Thuland AS  .  Vidare ser vi "vår eigen" Ivar Svein Mo, så Joar Dvergsdal og  heilt til høgre Jeremias Bermudez.

Det måtte gjerast nokre mindre endringar undervegs, m.a. måtte sveisaren Ivar Svein Mo setje på nokre nye lyfteøyre til den tyngste veggen og nokre forsterkningar måtte på plass, men  stort sett gjekk arbeidet med å få veggane dit dei skulle etter planen.  Heldige med vêret var dei også.  Joar Dvergsdal seier til hjorundfjord.no at planen er at den nye gymnastikksalen skal vere ferdig til jul - og den planen har dei tenkt å halde.

Ved byggeplassen har det vore spennande dagar og fleire har følgd med i arbeidet.  Tidlegare vaktmeister ved Sæbø skule, Andreas Hustad, har vore ein av dei ivrigaste og sist onsdag møtte han også opp fleire gonger - utan vaktmeisterfrakken sin.  Det viste seg at han var 89 år denne dagen og hadde familieselskap.  Det var visst vanskeleg å halde han ved matbordet...

IMGP1138_1
Rune Mo og Andreas Hustad - med sykkelen.  Dette fotoet er frå torsdag, dagen etter den store dagen, og då var frakken på plass igjen. Foto:  Ivar Svein Mo.

Under fylgjer ein del foto frå dei to dagane då veggane kom på plass.

Ny gymsal 005 copy Ny gymsal 037 copy
Ing. Arvid Thuland AS har leigd inn Ivar Svein Mo for sveiseoppdraga under reisinga av veggane.  På foto til høgre er Ivar Svein saman med Joar Dvergsdal (nærast)

Ny gymsal 022 copy Ny gymsal 014 copy
På foto til høgre ser vi Ivar Svein Mo og Arvid Thuland(t.h.)

IMGP1131_1 IMGP1135_1
Den største veggen - 25 tonn og 8 x 22 m stor, kjem her på plass.  Foto:  Ivar Svein Mo

IMGP1145_1 Ny gymsal 029
Gymnastikksalen reiser seg raskt, men det er likevel viktig å ikkje slurve med detaljane.

Sjølv om vi no er midt inne i ferietida opplyser Arvid Thuland at det også vil verte arbeidd med gymsalen komande veke.  Det er heller ikkje så lenge til at taket kjem på plass.