Litt seint, men eg reknar med at ein del interesse kan det være fortsatt å få lese og sjå frå avslutningsfesten for ungdomsskulen på Sæbø dette året.

Elevane hadde i dei tre skuleåra samla inn penger til hausttur i 2010 til Polen for å oppleve dei berykta konsentrasjonsleirane. Turen gjekk fint og økonomien vart styrt med sunt godt bondevet og dermed løyvde dei pengar. Istaden for å ta ut pengane til seg sjølve, kosta dei på seg avslutninga med middag på Rekkedal gjestehus og inviterte foreldre og lærarar. Måndag 20.juni stilte dei i festklede på  gjestehuset og det vart mat, talar, fotografering og overrekking av vitnemål.

 

IMGP0901_2_1 IMGP0902_1_1

Vi opna med ein betre middag med dessert til.

IMGP0905_1_1
IMGP0906_1
Elevane hadde laga litt program for kvelden og fyrst ute var Sondre Mo med "historiske"bilder frå 1.-5.klasse. I 1.klassa var det 4 jenter og 1 gut, men klassa voks med åra til 9 i dag.
Elevar, lærarar, og foreldre synest det var kjekt å sjå bilder, frå avgongs-elevane sine fyrste år på Sæbø skule.

 

IMGP0908_1
IMGP0910_1
Klassestyrar Ingvil held tale.
Elena Kvistad Hustad tok seg av historia frå 6.- 10. klasse i ord og bilder.

 

 

Den formelle delen av festen

 

IMGP0909_1
Ingvil held ei fin og personleg tale til elevane den siste samlinga ho hadde med dei som lærar. Ingvil har hatt klassa i engelsk, tysk valfag og RLE faga.

Klassa har hatt fleire hovudlærarar gjennom si tid på Sæbøskulen og bl.a Lars Kristian Norang, Åsta Halse Bjørdal og Jarle Walseth har vore lærarar som dei vil huske godt, når dei tenkjer attende på tida på Sæbø. Det var berre kontaktlærar Ingvil Aasen Flatnes og Johs Halland som hadde møtt opp på festen i lag med Rektor Oddny Flugekvam.

Ingvil som har vore klassestyrar heldt ein fin tale til elevane og tok fram sine opplevingar ho hadde hatt saman med dei desse åra. Den fyrste gongen ho hadde dei var i 5.klassa, i musikk, og då var det blokkfløyte øving.

- Det er mangt som kan seiast om denne klassa, og den har vore til tider spesiell og vil få plass i hennar lærarhjarte i framtida, sa ho.

- Klassa har vore samarbeidsvillig og spesielt når det gjaldt musikkprosjekta. Sist i april deltok 10.klassa i ungdomsskulen sin framsyning av "Romeo og Julie" på Grendahuset og i 2007 deltok klassa i  skulen si framsyninga "Ronja røverdatter"

- Siste haust fekk vi som var med til Polen på Fredsreiser, virkeleg kjenne elevane med sin eksemplarisk og positiv oppførsel, som det ikkje var noko å sette fingrane på, sa ho.

Tilslutt henvende lærar Ingvil seg til foreldra og takka for god støtte i skulearbeidet. Ofte hadde dei i skulen kome på gode idear, etter klassa sitt syn, som dei trengte hjelp og støtte frå heimen. På kort varsel hadde foreldra stilt opp og vore positive.

- Etter jul har vi jobba målbevist mot eksamen og ho hadde håpa at klassa kom oppi engelsk eller RLE faga, men det vart norsk skrifteleg og matte munnleg. Kanskje kunne tysk også være eit fag som ville være bra kome oppi, avslutta ho med litt ironi, som laga litt murring blant elevane.

IMGP0913_1
Johs Halland har vore faglæraren i matematikk og naturfag og hatt ei god og harmonisk kontakt med elevane.

Johs opna med å fortelje om si oppleving med klassa og det har vist at det er ei klasse som hallar mot dei praktiske faga. Dette viser att i søknaden som elevane har i den vidaregåande skulen.

- Eg huska spesielt ein time i naturfag som var lærerik. Vi hadde om destillasjon og skulle gjennomføre ei oppgåve og det heile held på å gå i lufta. Dette er ein time som alle huska og ein god måte å lære på, sa han med eit smil om munnen.

I matematikk var det ofte tunge tak med heimelekse, men vi kom i mål med munnleg eksamen. Johs takka for ei kjekk tid han hadde hatt i lag med elevane.

IMGP0912_1_1
Til slutt kom den formelle talen frå rektor Oddny Flugekvam som også sluttar av si tid på Sæbøskulen som rektor. Ho går over i ei anna stilling i skulen.

Rektor sin avslutningstale 2011

Etter ti år er de no klar for å ta steget ut i verda, de skal no litt lenger frå skjørtekanten hennar mor. Med på ferda vonar eg de har med ein ballast, både av lærdom, verdiar og gode haldningar de vi dra nytte av i dei nye situasjonane de vil hamne i.

Eg vil peike på noko som kanskje er den viktigaste lærdommen ein tek med seg etter ti år på skulen. Det er lærdommen om korleis vere ilag med andre menneske, korleis kunne verte eit godt medmenneske, korleis kunne støtte andre som kanskje slit, korleis møte motstand i arbeidet, korleis halde ut det kjedelege. Denne lærdommen handlar ikkje om karakterane dykkar, men om din karakter, du som person. Det skal no over i vidaregåande skule, der skal dei store vala gjerast for den retninga de vel for kvar i arbeidslivet de skal være.

Dine personlege eigenskapar vert etterspurde når du skal søkje arbeid, det er berre å lese stillingsannonsane i Sunnmørsposten, kva er det ein etterspør der utover den faglege utdanninga. Jau, detter noko ein ynskjer av ein ny medarbeidar, henta frå stillingsannonsa i Sunnmørsposten laurdag:

  • Sjølvstendig og sjølvgåande
  • Ambisiøs
  • Strukturert
  • Resultatbevist og handlekraftig
  • Evne til å bygge gode relasjonar
  • Påliteleg og sjølvstendig
  • Positiv framtoning
  • Fleksibel
  • Evne til å arbeide strukturert og systematisk

Så her er det berre å brette opp armane, reflektere over seg sjølv og gå ut og gjer dykkar beste.

"Livet handlar ikkje om å vente ut stormane.

Det handlar om å lære seg å danse i regnet"

 

Lukke til vidare i livet.

 

IMGP0915_1
IMGP0916_1
Etter at lærarane hadde sagt sitt var det elevane sin tale som vart framført av Lisabell Hustad Øvrelid og Elen Holen
Til avslutning vart det overrekt ei gåve til lærar Ingvil

 

IMGP0919_1
Og gåva var eit gåvekort på Nilsbuda på Sæbø som slo godt ann.

Elevane takka for tida dei hadde hatt på Sæbøskulen. I talen til dei to jentene gjekk dei litt igjennom ein del hendingar som dei hadde opplevd i klassa, men heldigvis for oss foreldre kom ikkje noko store overraskingar fram. Etter dei hadde avslutta så sat vi foreldre att med litt sakn om dei store og gode orda som skulen og lærarane fortjente, men slik er det vel berre. Etter ti år var vi vel alle leie av Sæbøskulen...

IMGP0922_1
Klassestyrar Ingvil, nytta høve, som ho var vand med gjennom dei siste åra, og stilte opp klassa for siste gong for fotografering. Vil du sjå resultatet, så klikk på sjølve bilde.

 

IMGP0932_1
IMGP0934_1
Tilslutt var det kontaktlærar og rektor som delte ut vitnemåla og klemmar.
Det er ikkje daglidags for elevane og få klem med rektor og lærarar, så dette var ei spesiell ykt.



 

Lukke til vidare i livet til alle elevane i klassa!