Alle foto:  Knut Hustad.  Klikk på dei for å få fotoa i stort format. Diverre hadde ikkje underskrivne med modell denne kvelden - annan enn seg sjølv.

Rås og søkepinne 010 copy (2)
Jonny Flatnes(t.v.) og Gunnar Stokke har no kopla saman Gunnar-råsa og råsa opp til Sæbønes-Tua.

Gunnar-råsa har fått mange lovord, men same kor ein snur og vender på det – denne turstigen ved Sæbø fører til mykje slit og sveitte.  Og verre skal det no verte.

Rundtur  Sæbø Sæbøneset 063 copy
Svært mange skriv namnet sitt i trimboka i Gunnar-råsa som ligg på 370 meters høgde over havet.

Gunnar-råsa
Misforstå no rett, svært mange vil no nettopp å slite og sveitte – og ikkje minst hive etter pusten. Og når alt kjem til alt er det vel betre å gjere det ute i skog og mark enn inne i eit halvklamt treningsstudio, særleg når utsikta er framifrå.  Det er vel dette som gjer at trimboka i Gunnar-råsa, på kote 370, får heile tusen underskrifter årleg.

Det er, som mange no kjenner til,  Gunnar Stokke –  ikkje Gunnar Råsa - som har rydda og merka denne populære råsa frå Sæbø og langt opp i Skondalen og vidare mot Storenakken ovanfor Rise.  I tillegg har han laga både vasspost og kvileplassar – og det både utan kommunal velsigning og offentleg-  eller privat stønad.  Likevel vart råsa  offisielt opna med jordbær, sprudlevatn og snorklipping i 2008 og vart straks, slik filmhelten Borat ville ha sagt det – ein great success.

Tue-råsa
No skal eg sjølvsagt ikkje la nokon forstå det slik at Sæbønes- og Flatnesfolket ikkje unte  Gunnar Stokke og Gunnar-råsa denne store suksessen, men folket der ute seier slett ikkje nei til litt konkurranse.  Dei hadde nemleg frå gammalt av ei rås opp på (Sæbønes)Tua.  Rett nok var ho attgrodd og lite framkomeleg, men det vart raskt retta på.  Flotte skilt fekk ho også.

Det vart ingen øydeleggande konkurranse mellom dei to turstigane.  Tvert om  utfyller dei to råsene kvarande svært så godt.  Gunnar-råsa er lettast tilgjengeleg og vert mykje brukt, helst av trimmarar  både av det yngre og eldre slaget.  Turen opp til Sæbønes-Tua er nok litt meir for fjellfolket, og gjev ei fantastisk utsikt.  Fjellguruen Helge Standal meiner at Sæbønes-Tua  er eit av dei beste utsiktspunkta i Hjørundfjorden.

Rundtur  Sæbø Sæbøneset 076 copy Rundtur  Sæbø Sæbøneset 089 copy
Desse to fotoa er frå strekninga mellom Skondalen og Grønskredhammaren

Samarbeid
Gunnar Stokke er altså den viktige personen for Gunnar Råsa.  Jonny Flatnes er ein viktig person for råsa opp til Tua. Kanskje ikkje heilt tilfeldig  - dei lever begge av å arbeide med stein og grus - men no i vår gjekk dei inn for samarbeid. Dei ville kople saman Gunnar-råsa og råsa opp til Sæbønes-Tua.   I anleggsbransjen er det kort veg frå ord til handling.  Nyleg fekk dei to  med seg ein tredje turgåar, Arne Gjerde, og no har dei tre flytt på  stein, rydde skog,  hengt opp merkeband og mura opp småvardar i denne nye ”fellesråsa”.  No kan du gå etter merka rås heilt frå  Sandvika på Sæbø, opp i Skonalen, vidare opp til 848 m høge Grønskredhammaren, så ned til Sæbønes-Tua og avslutte turen nede på Sæbøneset.

Rundtur  Sæbø Sæbøneset 115 copy
Grønskredhammaren har no fått si eiga trimbok.  Trimbøker er no plassert ut i Fonnvernet, på kote 370 i Gunnar-råsa, på Grønskredhammaren og på Sæbønes-Tua.  Varden er det Jonny Flatnes som har bygd opp.

Utsiktsrås
Underskrivne gjekk ”fellesråsa” ein våt og litt mørk søndagskveld. (Det går nok fram av fotoa)  Det var  ikkje heilt klokt. Råsa var våt og punktvis sleip,  men ho vil heilt sikkert verte betre etter meir bruk og når sola har fått tørka opp litt meir.  Men ta turen som ein dagstur med gode fjellsko – slett ikkje som ein trimtur ein kveld med joggesko.   Er du ein ”vanleg” turgåar eller ein litt ivrig ”Vallahorntrimmar” tenk på Sæbønes-Tua og kanskje Grønskredhammaren som eit godt alternativ. Råsa mellom  desse to toppane er nærast av joggekvalitet. Og utsikta herifrå er absolutt av  Liadalsnipe-kvalitet.   

God tur.

Fleire foto frå turen mellom Fonnvernet og Sæbøneset under.

Rundtur  Sæbø Sæbøneset 058 copy Rundtur  Sæbø Sæbøneset 069 copy
Til venstre:  Som vi veit er Gunnar-råsagodt merka.  Til høgre ser vi starten (ved Skondalen) av den nye "fellesråsa". Ho er godt merka med vardar, måling og raude og kvite band.  Men den nye råsa  bør vel få sitt eige namn?

Rundtur  Sæbø Sæbøneset 093 copy Rundtur  Sæbø Sæbøneset 076 copy
Til venstre litt ingeniørkunst - ein varde i lause lufta.

Rundtur  Sæbø Sæbøneset 100 copy
Egga vest for Grønskredhammaren. (Bak)

Rundtur  Sæbø Sæbøneset 118 copy Rundtur  Sæbø Sæbøneset 138 copy
Foto til venstre:  Sæbønes-Tua i bakgrunnen.  Til høgre ser vi mot trandal frå Tua.

Rundtur  Sæbø Sæbøneset 147 copy Rundtur  Sæbø Sæbøneset 156 copy
Utsikt frå Tua

Rundtur  Sæbø Sæbøneset 160 copy Rundtur  Sæbø Sæbøneset 165 copy
Sæbønes-Tua har også eiga trimbok frå Sæbø IL.  Råsa frå Sæbøneset opp til Tua har fleire gode skilt med namn på.  Klokt, elles går namna i gløymeboka.

Hugs på at råsa ned til Sæbøneset frå Tua krev gode sko når det er vått i vêret.  Ei våt og heller bratt rås vert gjerne glatt i regn.