Tua på Sæbøneset 25 juli.
I staden for fakkeltog, valgde vi å ta turen til Tua på Sæbøneset med lys og ettertanke.
Kari ved fyrste skiltet.
Turen er i gong, Fred, Bodil, Kari, Ann Helene, Jonny og Kanutte.
Her er vi komne til Ospehaugen.
Vêret var slettest ikkje verst, det regna ikkje før vi skulle nedatt.
Det var litt sleipt, vi lurte på om det vart verre nedatt, enn opp.
Her er vi kome 300 meter til vers.
Nedste lødetuftene, der er godt skilta og merka på råsa opp.
Tyngste stykkjet er unnagjort, no fe vi litt utsikt og høgde.
Straks er vi på toppen!
Utsikta er upåklageleg, mot Lekneset.
414moh ved øvste skaret.
Som de ser var vi over skylaget, ikkje regn og, ikkje skodde.
Ekte kunst!
Litt vind på toppen, men vi fekk tent lyset og tankane gjekk gjekk til alle berørte etter denne tragiske helga.
Det obligatoriske fellesbidet, Fred, Bodil, Kari, kanutte, Ann Helene, Hilde og Jonny.
So var det turen nedatt, litt sleipt men vi kom velberga ned.
Eg trur dette bildet talar for seg sjølv.
Me hadde ein kjekke tur.
Neste måndag er det Årskogstøylen og Høgereset, dette er i samarbeid med naturfestivalen.
Vel Møtt!
Kommentarar