Sjukeheimen 2010_1

Frå utegudstenesta søndag 20.juni 2010

 

Utegudsteneste ved Hjørundfjordheimen.

 

-Komande søndag, 24. juli  kl.11 er det utegudsteneste ved Hjørundfjordheimen.

Dei som bur på heimen får på denne måten ta del i kyrkjelyden si gudsteneste. Dette er også eit godt høve for pårørande til å vere saman med sine på gudsteneste, eit høve vi håper mange nyttar seg av, seier sokneprest Rolf Dyrho

-Til denne gudstenesta er det også meldt heile fire dåp.

Sjølvsagt så håper vi at sola skin på oss denne dagen, og at regnet held seg godt unna.

Viss det derimot skulle verte trøysteslaust ver, så vert gudstenesta flytta til kyrkja.

Men vi håper og bed om godver.

Det er viktig at folk tek med seg stolar, for det er avgrensa kor mange

ekstra stolar som fins på Hjørundfjordheimen.

Vel møtt til gudsteneste på søndagen som vert kalla aposteldagen- avsluttar soknepresten.