Overgongstur gjennom Frølandsdalen til Myklebust.
Vi sto klar ved inste ledet, Haldis, Kari og eg når klokka var ti på tolv, og vi sa: "for ein familietur"for oss tre.
Etter kvart vart vi fleire, grunna litt dårleg informasjon frå mi side, og litt kantslått på vegen inn, gjorde at klokka vart littover tolv før vi var fulltallige.
Vegard, Haldis, Randi, Kristian, Siw med Torine på ryggen, Kari, Bodil og Bernt Arve.
Bernt Arve i full fres oppover Frølandsdalen.
Trygt å halde handa til bror når saudane står så nær, Torine gjekk halve vegen og sat i meis den andre halva.Bra for ei på 2 1/2år.
Siw kom etter, måtte parkere bilen, ungane fekk bittelitt "tjuvstart".
Ved enden av vegen på Frølandsida, litt småprat og sjekk av skyene og vêret.
Bygene sto tjukt inn i fjorden og på Skårasalen, men vi såg ut til å gå klar.
Mykje blåbær har laga seg til , for ein matauk det skal verte.
Fyrste stopp var Frølandsetra, vi må då skrive oss i boka sjølvsagt.
Akkurat då vi skulle sette oss kom det regn, fram med jakkerne alle mann.
Vi hadde ikkje før fått jakkene på så stoppa regnet, og Bernt Arve kunne nyte gulerøtene sine i fred.
Vi andre kosa oss og med niste, skive smaka godt på tur.
Eit siste bilde frå Bondalen mot fjorden før vi kjem over på "Follestaddalsida"
Råsa var våt, ja våtare enn vanleg,men regnet greidde vi å lure so langt.
Siw og Torine med Veirahaldet rett bak.
Vegard og Kristian med Klokkura bak, midt i nedkant av ura ser du hytta, Klokkurdalen og Kolbeinskaret bak der att.
Sprek familie når far er på jobb, Kristian, Vegard ( som her var "steinbit") Torine og Siw.
Her ser vi krysset mellom steingardane som går gjennom heile Frølandsdalen, ein som skilje mellom Frøland og Stokke, og ein som skilje mellom gamle Hjørundfjord kommune og Ørsta.
Det er inponerande å sjå, tenk kvar einaste stein er lyfta, boren og lagt på rett plass av menneskehender.
For eit arbeid, ein kan føle seg liten og lat av mindre.
Vi kom til at det var passelig med ein stopp her.
Fram med mat og drikke, og litt snop.
Mykje mjuk olivinstein som er rissa inn namn og årstal på, her ved steingarden, ei helle full av slikt, eit av dei M.K.F.1909 skal tru kven det er?
Utruleg mange av denne arten i markane i år når det er så vått.
Kor mange namn kan du på denne ?
Eg kan eit: Grolappe, send inn dine forslag til kommentar.
So ein kviss, kva heiter denne planta?
Då vi starta på nedoverveg gjekk det fort, regnet kom med ei kraftige byge, men vi gjekk raskare og ja vi gjekk rett og slett i frå det.
Kjenhaugen står det på skiltet, nokon som veit kva namnet kjem i frå?
Her sit Kristian ved demninga øverst i Myklebustelva, flott steinarbeid, litt fristande å ta ein symjetur for det likna litt på eit symjebasseng.
Vi fylgde vegen nedatt til Myklebust, vi vart henta kl 1600, med gode pauser vart turen i passe tempo unnagjort på sirka fire timar, flott tur, anbefalast på det sterkaste for ALLE uansett alder, det kan sikkert Torine skrive under på!
Torine litt skeptisk på alle saudane som var litt nærgåande, men berre vent til eg vert litt større, då....
Flott tur, hadde håpa på at fleire slo lag, men vi som gjekk hadde det supert.
Takk for laget!
Kommentarar
Håper på fleire familieturar og at fleire familier vert med :-)
Så storesystå visste det alså!