Frølandsdalen med overgong til Myklebust.

Vi vil oppmode alle til å delta, dette er ein slakk tur som passar for små og store.

Vi startar frå brua på vegen til Frølandsetra, kl 1200.

Vi går samla og tek oss tid til minst to gode matpauser.

Vi vil organisere tilbakekjøyring, så det treng deltakarane ikkje å tenkje på.

Ta med godt med mat og drikke, turglede og møt opp.

Vi håper på godt vêr , men husk gode sko, det er myrlent terreng.

VEL MØTT!