Vi har lese om Fylkesmannen Lodve Solholm som er sterk motstandar av bilveg til toppen av Skårasalen. Administrasjonen i Ørsta kommune seier lite - offisielt, men politikarane seier nja..., dersom andre betaler. Og så strekar dei under at dei fryktar skredfaren.
Kva seier du? Bør det byggast veg (nesten) heilt til toppen av den 1542 m høge Skårasalen slik at også eldre og funksjonshemma også kan ta vitje denne vidgjetne toppen og få med seg ei fantastisk utsikt?
Utsikt frå eit punkt rett under toppen av Skårasalen (ca. 1500 m)
Det er vel viktig å få ein slik veg slik at det kan bli fleire arbeidsplassar i Ørsta kommune p.g.a. langt fleire turistar? Eller vil ein slik veg verte for skjemmande?
Dette er rett nok berre ei frihandsteikning på eit fotografi, men likevel; vil ein slik veg verte for skjemmande? Vil vegen øydelegge for dei som ynskjer å ta turen til fots?
Og kva med dei som likar å ta turen til toppen på ski vinterstid? Vil det verte uråd for Fred Ingar Somby og renne ned slik som han gjorde no i vinter?
Vil ein bilveg øydelegge for slik skikøyring?
Men om Kvistadsida vert dårlegare for skikøyrarar, kan dei ikkje like godt ta turen ned Lisje-Skåradalen slik som han under?
Skikøyrar på veg ned Lisje-Skåradalen. Her vert det same kva ingen bilveg.
Kva meiner du om bilveg til Skårasalen. Sei di meining i meiningsmålingsfeltet på framsida av hjorundfjord.no. (Nede til venstre)
Kommentarar
Etter som vi veit så legg ikkje bussturistane igjen mange kr i bygda...sjå berre på nilsbuda,20 kr i salg frå 3 bussar. Det er heller ikkje sikkert at dei velger å overnatte på hotellet om dei kjem for å sjå utsikta (om der er utsikt... for som vi alle veit så ligg skodda langt ned i fjella ofte)NEI Takke seg til ein roleg stille tur.Det er det dagens og framtidas turistar ønsker seg og det er det som er så særegent med Hjørundfjorden.Ta vare på det!
Likeeins at Hotell Sagafjord vert kjøpt av "62 Grader Nord."
Slik at hotellet vert ein del av ein einheitleg del av ei satsing på Hjørundfjorden som turistmål. Eg ynskjer videre at vi får villaksen attende i elvene våre i Hjørundfjorden. Vidare ynsker eg at respekt for demokratiske prosessar vert respekterte kva avgjersler som vert teke.........
Alle som vil nyte stillhet og ha gleda av å gå på fjelltoppa kan gjere det, en treng ikkje kjøyre på Skårasalen sjølv om der er veg.
Om det vil gi arbeidsplassar gjenstår å sjå, om nokon vågar å satse på turistbaserte inntekter. Arbeidsplassar kjem ikkje av seg sjølve, dei må skapast og vedlikehaldast.
Det same må gleda over naturen, og å kunne nytte seg av den. Ikkje alle har muligheta, med veg til Skårasalen vil dei få det. Men nedkjøring frå Lissje Skårasalen vil fortsatt være forbeholdt dokke få som har fysikken og interesse for dette. Vil det vireklig være så forferdelig å dele med andre mindre heldige?
Her i Bergen har vi no Fløyen som har både "tog" og bilveg opp, men det er ytterst sjeldent at eg ser folk i rullestol eller mange bevegelseshemma som tar turen opp dit, og det tar ikkje longe tida før en er på toppen der. De fleste som tar Fløybana er "funksjonsfriske" turistar eller folk som vil opp dit å nyte ei kalde pils i sommarsola bl.a. En kan riktignok ikkje sammenlikne utsikta fra Skårasalen kontra Fløyen, men for folk flest i Bergen so e utsikta der veldig bra.
At naturen er for alle er jo det ingen tvil om, men korfor skal en bruke argument som går på at "alle" bevegelseshemma har behov for å komme seg på fjellet. Alle menneske har ulike behov og interesser, og det er nok av funksjonsfriske som ikkje gidder å gå på fjellet også. Og derfor vil eg tørre å påstå at den store hopen av bevegelseshemma har null interesse for å reise opp med buss til skårasalen for å sjå utsikta. Eg personlig går ikkje på skårasalen for å berre nyte utsikta. Eg går dit for at eg ønsker å kjenne den friske lufta, høre fugle kvitter, elvene som bruse osv. Eg syns det er herlig å kjenne at eg blir sliten. Bonusen er utsikta og roa på toppen, gjerne aleine.
Om det blir bilveg til toppen, er eg redd for at det blir mindre både av fuglekvitter og frisk luft.
Vart litt lang avhandling det her, kanskje også litt rotete, men å skrive ett slikt svar med en pratesjuk kollega midt på natta på blv er jaggu ikkje enkelt :)
Det er greitt nok, men er det på kollisjonskurs med en event. vei til Skårasalen?
Dette er hverken et enten eller eller både og. Det må då for Guds Skyld i en fjord omringa av fjell og tur-muligheter la seg gjøre at hele allmugen får tilgang til et fjellparti.
Saken er slik jeg ser det, at prinsippet rir "fjell-ekstremister" til de grader at andre ikke skal berøre deres domener.
Det er heller ikke tilfeldig at det store flertall av disse er opptatt av å dyrke sommer/ferie barne og ungdomsopplevinger...
Jeg er selv naturverner, men er for at hvem som helst skal kunne oppleve en tur som f.eks til Skårasalen, være seg med fysisk eller psykisk handicap.
Slike tilbud lar seg realisere i både inn og utland. Så hvorfor ikke i Hjørundfjorden? Et område som higer etter "nisjeprodukt" som grunnlag for vekst.Det høyeste ut-kikkspunkt i Nord-Europa mot fjord vil bli en attraksjon.
Ære være de som jobber med prosjektet, måtte de lykkest!
I
Kolspasientar kan ikkje gå på fjelltoppar, Hjertepasientar, astma, lunge, reumatisme, ortopediopererte, overvekt, angst, psykisk sjukdom, det er eit utall av funksjonshemmingar som gjer at folk ikkje kan kome seg på fjelltoppar. Alle disse er henvist til å nyte naturen i lavlandet. Med bilveg til Skårasalen kan dei få ei "topp-tur" oppleving av dei skjeldne. Så kan alle som vil gå til toppen gjere det. Mulighetene vil fortsatt være der. Og vintertida vil det ikkje være mulig å halde vegen open uansett. Men det handlar om at særleg spreke folk må være villige til å dele naturopplevingar med mindre heldige sjeler som av ulike årsaker ikke har mulighet til å kome seg ut på toppturar same kor gjerne dei skulde ha gjort det. Og de kan behalde alle andre fjelltoppar i Sunnmørsalpane, ja nærast alle i kongeriket Noreg for dokke sjølve... å då bør det være mulig å dele den eine toppen med andre mindre heldige sjeler.
Eit inngrep som ikkje er so omfattande er ei gondolbane. Om 20-25 år er det nok veldig lite aktuelt å slite tunge bussar opp ein bratt veg og brenne kilovis med hydrokarbonar og eit slikt tiltak som ei gondolbane er meir i tråd med grøn turisme. Privatbilismen er også spådd ei utrygg framtid om ein ser litt langsiktig framover. Ei gondolbane kan frakte turistar på tilnerma heilårsbasis og vil nok kunne generere mykje meir turisme enn ein veg som er open ein kort og hektisk sommarsesong. Då kan folk med kols og krykker kome seg opp også om vinteren noko som blir ganske unikt.
Dersom ei gondolbane kan realiserast bør denne ligge til eit fjell der ein får flest mulige trygge nedrensler på ski og samtidig har gode forhold for sommardrift, men det er ikkje eg den rette til å uttale meg om.
Eg er egentlig veldig mykje meir enig med Arnfinn om at det hadde vore mykje betre med Gondolbane opp enn en veg. For en gondolbane kan en faktisk kunne klare å rive, mens en veg vil for alltid skape mykje større sår i naturen. Så om kva og kven av funksjonshemma som er best tjent med en bilveg er egentlig ganske irrelevant for min del. Bevar naturen slik den er, og tenk gjerne på neste generasjons brukarar av skårasalen.
Kanskje ville det å ha ett motbakkeløp opp til skårasalen skape mykje meir blest, og få vel så mange turistar til å oppdage den vakre naturen i hjørundfjord uten at vi treng å ødelegge en så fin topp.