Hjørundfjordportalen » Lokalt » Tyssefossen

Attende til hovudsida
  • Lokalt
  • Tourist
  • Natur
  • Bygdene

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

MENY
Logg inn
  • Logg inn
  • Ny brukar
PIC_0004

Tyssefossen

Tyssefossen viser seg fram i dag.
Den blir sikkert endå større vist regnet forset ut dagen.
I natt sov vi Bjørkinger godt når vi fekk den kjente lyden frå fossen.
Barndomminna kjem igjen då.
Man blir byssa i søvn.
Ta en tur å sjå fossen det er ikkje kvar dag han er slik.

Lagt inn av Perry Bjørke
28.06.2011 10:40

Kommentarar

Ivar Svein Mo - Eit døgn for seint.. 28.06.2011 kl. 11:50
Tenk hadde fossen runne over i helga, for eit trekkplaster det hadde vore.
Hald oss andre oppdatert Perry, dette er interessant. Det skal verte meir nedbør i morgon og no er temperaturen så høg at det regnar til topps.
Men Tussa kan ikkje være så begeistra for at breane smeltar, og vatnet renn over, som skal produsere straum framover hausten :(

Det er i allefall eit historisk motiv du har på bilde i ingressen.
Perry Bjørke - Mindre vatn 28.06.2011 kl. 23:38
Fossen datt fort i kveld men den veks vel igjen dersom vermeldinga slår til .Fossregn og flom.
Even Kåre Holte - Ikkje overløp 29.06.2011 kl. 11:38
Det er ikkje overløp som gjer at Tyssefossen er stor i desse dagar. Det er vatn frå regnveret og snøsmeltinga i området framfor demninga som renn i fossen no.Tyssevatnet er fortsatt mange meter nedtappa.
Knut Hustad - Ca. 65 % fyllingsgrad 29.06.2011 kl. 14:53
I dag hadde eg ein hyggeleg samtale med Kjell Idar Saure i Tussa. Han stadfesta det Even Kåre Holte seier - det er lenge til Tyssevatnet er fullt. Saure visste at fyllingsgraden i Tyssevatnet no er ca. 65%, dvs. at der er 16 - 17 meter frå dagens vassflate i Tyssevatnet til øvste kant av demninga. Men Saure understreka også at det var ingen grunn til uro for lite vatn i Tyssevatnet - fyllingsgraden er nemleg over det normale for årstida. Saure kunne også fortelje at i vår og til no i sommar har det vore produksjon av elektrisitet heile tida om enn berre på eitt av to aggregat.

Og Perry: I dag køyrde eg eins ærend til Bjørke for å sjå på Tyssefossen. Ja, eg gjekk til og med eit godt stykke oppover råsa til Tyssedalen. Men lite var det å sjå - skodda låg tjukk. Har du ikkje kontaktar, Perry?
Likevel kunne Sa
Ivar Svein Mo - Ikkje overløp? 29.06.2011 kl. 19:15
Når ein høyrer at det ikkje er overløp i Tyssevatnet og det er berre vatn somm renn langsmed og ikkje frå det opprinnelege nedslagsfeltet som skaffar vatn til fossen, må ein lure på kor stor og mektig fossen var i sin tid, då det regna til topps i eit strekk ei veke om sommaren, slik vi opplever i dag?

Var den så enorm at det stod berre vassdrevet nedover Bjørkegardane?

Kva slags rangering hadde den blant Norges største fossar?
Perry Bjørke - Krefter 29.06.2011 kl. 20:21
Tyssefossen var så stor at dei sa at folket her inne måtte ta inn kleda når vinden tok med drevet mot garene. På Tyssabrua var der vist dusj av til. Lyden frå Fossen var og kraftig med mange drønn når stein kom ned .Hos naboene var det bryllaup og gjestene kom no å la seg i mørke natta.Om morgonen lurte dei på kva slag ver det hadde våre.
Det hadde blese sånn at dei ikkje fekk sove.Vi søv no godt vi sa folket det er no berre fossen som suser.
Tyssefossen var vist blant dei 10 største .Eg trur dei beregna han til 15000 HK og han hadde 600 meter høgd. Det blei sagt at Bjørkingene hadde ei røst som bar godt.(Bjørkinger blei og brukt notabaser)
Klart Bjørkingene måtte bruke stemma når dei var ute og på slått ved fossen .Nytte ikkje med noko kvisring då.Noko eg har lært i det siste er at Fossen kan vere noko med navnet Bjørke å Gjere (Tidligere Bjerke og Birke )Det betyr vist ei lysning i terrenget (ei lys stripe i terenget)
Eg trudde at her var så mykje Bjørk og det gav navnet men når eg fekk fortalt dette so måtte eg snu på det. Klart fossen var ei lysning i lanskapet når man kom i fjorden.
Dette overlet eg til navneforskeren.


Tilfeldige artiklar:

Hjørundfjord kyrkje 15.01.10 kl.21.43

Innsetjing av ny sokneprest og ordinasjon i Hjørundfjord kyrkje
(16.01.2010)

DSC00325

Ny rektor på Sæbø skule på plass
(19.07.2014)

Placeholder for 404-bilder

Møre-Nytt i tabloidformat
(24.11.2007)

Placeholder for 404-bilder

Før sesong.
(09.06.2011)

Placeholder for 404-bilder

Eg treng hjelp!
(30.10.2006)

Blomastrar (1)

Vi gjorde Sæbø vakrare
(30.06.2007)

DAnsen-er-godt-i-gong

Årets bondaling 2010 vart kåra på 3.dagsfesten.
(28.12.2010)

_DSC6908a

Tangering av rekorden på 4,2kg
(12.11.2011)

xxxxxHurtigruta2224

Hjørundfjorden vert haustfjorden for hurtigruta
(06.11.2012)

Oktober07 005

Vi minner om OpeHus Ungdomsklubb
(16.11.2007)

    • Logg inn
    • Ny brukar

Aktivitetskalender

Ingen aktivitetar i dag

Sjå heile kalenderen

Klikk for å sjå Hjørundfjorden LIVE (webkamera)

Hjørundfjorden LIVE

Nettstadskart/Sitemap Kontakt/Contact Informasjonskapslar / Cookies Rapporter feil

Hjørundfjordportalen 2006 - 2023