Jonsokfeiring på Rise 2011

Det har vore feira jonsok i ulike tun og løder etter som det har passa, siste åra har vi vore på tunet i Simagarden på Rise.

Vi har i felleskapet på Rise kjøpt to "partytelt" som gjer at regnet ikkje lenger skal stoppe oss frå å sitte ute.

Telta set vi opp på dugnad, og alt som finst av utemøblar, puter og grillar samlar vi på tunet i Simagarden.

Køyring av brennbart rusk, papir, sengar og helst ei bålheks, ja det er utruleg kva som finst i loft og kjellar . Dette er det ungdommen som står for.

For bålet vert alltid bra!

Gamle og unge feirar i lag, den eldste er 86 år og den yngste 16 mnd.

Vi startar med lurvetog kl 17, Ragna går fremst med gitar og vi syng og "togar" oss alle gjennom heile Risetuna.

IMG_2345

Ragna med gitar og hatten som er dekorert med lakrisreimar, seigemenn og smågodt.

Legg også merke til brillene og den kledelege nasa.

Rolfen med diskosveis, burkaBodil,og Martinus hippie blondy, like bak.

Dsc04400

Eit av høgdepungta etter toget, er Ragna med hatten.

Alle ventar spent på medan Ragna testar "spruten" i nasen, før klarsignalet går.

Cimg1700

No er det om å gjere å nappe til seg godteri, Ragna meinheld på hatten og sirkuset er i gong.

Dsc04403

Alle vil ha ein bit, Andreas, Tina Irene, Marta, Sondre, Markus og Bendik.

Sjølvsagt Ragna i midten.

IMG_2360

Mykje makt og list vert brukt før siste snopbit er vekk.

IMG_2361

Vesle Iver fekk nok ein liten bit, men vert nok meir deltakande i kampen om snopet til neste år.

Cimg1687

Tre "staselege" herremenn, Kjell Arne, Rolfen og Martinus.

jonsok 2011 017

Så er grillinga i gong, karane sin arena? Mykje godt i vente er det i alle fall.

Martinus og John Thomas i full kokkelering.

Cimg1706

Endeleg mat, vi et som om vi hadde svolte i ei veke!

Cimg1709

Alle  har noko godt på fatet og stemninga er på topp.

Eve og Kjell Otto med familie slo seg i lag med oss i år, og det sette vi stor pris på.

Cimg1710

Vi deler på alt, og likevel er der mykje att når alle er mette.

Ja, typisk sunnmøring.

jonsok 2011 018

Mykje blide folk, Ingrid og Iver smiler om kapp med Marie.

jonsok 2011 023

Endeleg fekk kosepusen Iver noko å gnafse på, maiskolbe er godt.

jonsok 2011 021

Grillrøyken ligg over "landskapet" og skaper den rette stemninga, alle et og pratar.

Kjekt at Manuela og Bernt også ville vere i lag med oss i år.

jonsok 2011 024

So er tida komen for tenning av bålet.

Martinus hadde stikkedåsen og var tennsjef, og fyr vart det.

jonsok 2011 025

Vi vaksne held oss litt på avstand og ser på.

jonsok 2011 027

Medan den yngre generasjon må bort og leike litt med elden.

Marta ,Tina Irene og Therese kosar seg med eit "eksperiment".

Ja dette var eit lite samandrag om korleis me feirar jonsok på Rise i regn, neste år vil vi gjerne få vise korleis vi feirar i skinande sol.

Vi er so glade for denne tradisjonen vår, og håper vi får fortsette slik i mange år framover.

God sommar til alle.