Ein etter ein dukkar dei opp - Helge, Aanon Evy... Har det gått eitt år sidan sist allereie? Men det er ikkje tid til mimring, knapt nok eit lite Hei. - På med forkleet! Det er sjefen - skåratausa Bente Skaar - som kvesser i til meg allereie etter eit par minutt. Snart er uniforma på plass. Tre timar med hardt arbeid ligg framføre oss. Men stemninga er god - svært god. Vi veit at dette taklar vi - sjefane inne på klubbhuset har gjort rett i å plukke oss ut til den tøffaste vakta. Trur vi.
![]() |
Sjefen for 1330 - 1630-vakta i grillbuda - skåratausa Bente Skaar. |
Helge (Urke) har tenkt- og planlagt godt denne vinteren. Han tek seg av tre chipskokarar heilt åleine. Litt kø vert det rett nok i starten, men så passar han på at det vert sett på ei ny ladning til ei kvar tid.
Aanon (Aanonsen) er ikkje dårlegare på grillavdelinga. Først skal denne skrivaren ta seg av grillinga av kotelettar, men mannen frå Villane har stor kapasitet - snart grillar han både kylling, kotelettar og karbonade.
Grillsjef Aanon til venstre. På foto til høgre har vi også chipssjef Helge.
Men same kor flinke vi er til å lage mat - varene må ut til publikum. Evy (Valseth) og Eldrid (Øye) er durkdrevne i salsavdelinga. Etter kort tid er Janne Myklebust (Solhaug) like flink. Om mannspersonen på denne avdelionga kan ein i alle fall seie at han er lærevillig. Bente har altså overoppsynet og ansvaret, men det er ikkje nok - i tillegg har ho ansvaret for mòren og pølsene. Så hjelper ho til på ein ekstra chipskokar.
Ein flott gjeng.
Ikkje så store køene framfor lukene her. Det går litt i rykk og napp - alt etter innslaga på scena.
Om vi møter neste år? Sjølvsagt.
Det er godt med ein matbit etter tre timars hardkøyr - sjølv for Eldrid Øye.
Kommentarar
Utan desse trufaste slitarane kan vi gløyme dei fleste tiltak som vi ser blomstrar på enkelte stader, medan andre stader er det uråd å få ei frivillig dugnadshand.
Eg legg merke til at her dukkar same folka opp att på Hjørundfjord-dagane: Helge Urke og Eldrid Øye som, saman med andre urkebygdarar, har lagt ned hundrevis av dugnadstimar berre på Grendahuset på Urke. Torsdag hadde Eldrid full dag med basaravvikling og styremøte, fredag var Helge bas for støypinga av grunnmur i Bøvika, neste fredag skal han bygge bod i Bøvika, begge i full jobb før og etter dugnadsinnsatsen. Og laurdag og søndag er dei i full fart på Hjørundfjorddagane.
Har vi vett og forstand til å takke slike eldsjeler for den innsats dei gjer for fellessskapet?? Det er ikkje eigeninteressene som driv der i garden!!