Han starta med sin nest største hit - Circles - og så var sirkus Muri i gang.
Svært mange ville sjå og høyre Bjørn Johan Muri under Hjørundfjorddagane.
Ikkje sidan Hildegunn Moltubakk vitja Hjørundfjroddagane for fleire år sidan, har så mange benka seg framom scena under Hjørundfjorddagane. Bjørn Johan Muri var allereie ein populær ung mann og artist mellom dei unge før han kom til Sæbø, men etter at han frå scena kritiserte programserien "Paradise Hotel" på TV 3, fekk han også med seg foreldregenerasjonen. Hyling, skriking, håp og fortviling er elles stikkord som kan passe for konserten.
- Vil han kome bort til meg? Fleire hadde tydelegvis denne tanken i hovudet.
Søndagens helt på Sæbø var utan tvil Bjørn Johan Muri
Eit par gonger kom ein annan låt ut av systemet enn det Bjørn Johan Muri ville, men slike "feil" frå teknikaren berre løyste på stemninga og alt i alt kan ein seie - etter lyden frå dei unge å døme - at artisen frå Ålesund, Grand Prix og Idol hadde ein særs vellukka opptreden under Hjørundfjorddagane. Populariteten hans vil nok nå nye høgder.
Nærkontakt mellom fans og artist.
Og sjølvsagt vart minikonserten avslutta med den største hiten av dei alle - Yes, man. Så var det tid for autografskriving og Bjørn Johan Muri var ikkje snauare enn at han veksla nokre ord med flesteparten av dei unge tilhengjarane hans - om dei då ikkje var for nervøse til å få fram nokre ord.
Og så skreiv Bjørn Johan Muri autografar - sikkert til krampa tok han.
Kommentarar