I dag klokka 0600 var det fleire laksefiskarar som stod langs Bondalselva frå fjøresteinane til Frøland - og kanskje lenger oppover elva også. I dag var det nemleg opningsdagen for laksefisket i denne tradisjonsrike elva.
Og laks vart det - på fleire av fiskarane. Etter at morgontimane var over hadde heile åtte laksar og pjakkar oppfylt draumen til like mange fiskarar. Ståle Walseth, ein av veteranane i elva, var ein av dei heldige.
Ståle med den 5,6 kg store laksen han fekk i Aklestadsona.
I førre sesong brydde ikkje Ståle seg den første dagen - det var så lite laks i elva. Men i år var Ståle meir optimistisk. Den nybakte pensjonisten på 62 skulle ikkje på arbeid. I tillegg hadde han fått signal om at fleire fiskar hadde gått opp i elva siste dagane. Dermed stod han på nytt i sona "si" på Aklestad på opningstidspunktet. Han skulle ikkje angre.
Rett nok var det ein annan laksefiskar i den same sona som fekk napp først. Ståle gjorde si plikt, dvs. hjalp fiskaren med å få laksen på land, men så heiv han sjølv ut i elva igjen. Ikkje så lenge etter rykte det til og ei stund seinare hadde Ståle fått sin første laks for året - ein hofisk på 5,6 kg.
- Ståle, du kjem ikkje unna spørsmålet, kva for agn var det laksen beit på?
- Hee..., nja...
- Det er vel godt kjent i elva at du brukar å fiske med ei koparbrun Møresild. Var det Møresilda som måtte til pers også denne gongen?
Ståle dreg litt meir på det så forklarer han, noko motvillig, at han hadde starta med Møresilda, men ho hadde sett seg fast i botnen. Dermed var det over og ut for den silda.
- Men Ståle - igjen - kva for agn var det laksen beit på?
- He..., ein fiskar skal vel ikkje opplyse slikt, men det var på ein makk. Rett nok ikkje ein vanleg raudmakk, men ein kjøpemakk i plast
- Kjøpemakk??
- Du skjønar at etter eg flytta til Sæbø og vart bymann er det noko vanskelegare å få fatt i makk. Difor kjøpte eg no ein slik nymotens makk i plast. Den makken sette visst laksen pris på for han slukte heile agnet.
Ståle fortel til slutt at laksen skal røykast til jul. Han gler seg nok til smaken allereie.
Eitt vakkert eksemplar av ein vill holaks - ein typisk laks for Bondalselva, meiner fiskaren Ståle Walseth.
Så står det berre att å gratulerer fiskaren, men skal tru om det er andre som har fått laks i Bondalselva på slik nymotens kunstmakk?
Kommentarar
Det vart elles ein god åpningsdag i Bondalselva. Ifølgje fangstdagboka er det vorte tekje 14 laksar og 2 pjakkar. Den største laksen var 7 kg. I kveld var det elles mange laksar å sjå i osen, så fleire laksar vert nok landa frametter.
P.S
Ja, Knut. Eg og må innrøme at eg i dag fekk min første fisk på plast-makk som han vert kalla.
Ein pjakk på knappe 2 kg. Ei triveleg ykt i elva!