Eigar av alle foto: Knut Hustad
I dag, måndag 13. juni og 2. pinsedag, såg det stort sett ut til at freden låg over Skjåstaddalen, Bjørke og resten av det som tilhøyrer Storfjordområdet. Men fleire stadar såg eg klargjorde forhaustarar på løetrappene. For sola lov til å vere framme eit par dagar til, er det nok ikkje lenge før slåtten er i gang for fullt i dette området.
Men så oppdaga er ein slåttemann, orsak, slåttedame, nede i fjøra ved eit gammal naust på Bjørke. Slåttedama var Oddhild Saure Bogen og ho brukte ein slik nymotens ljå - ein slik som brumma. Det var nok ikkje innsamling av fôr til komande vinter ho dreiv med, men ho dreiv og gjorde det fint til det store Midtsommarblot på Bjørke - ei kutlturhelg som startar allereie på jonsokaftan og varer til og med søndag 26. juni. Dette får vi vite meir om etterkvart.
Oddhild Saure Bogen gjer det vakkert på Bjørke
Tilfeldigvis hadde Bjørke Kunst- og handverkskafe, som held til i bedehuset på motsett side av vegen, enno ikkje stengd dørene for dagen og dermed var det gode saker å få kjøpt. Og ikkje berre det, Solrun Osdal og Siri Roset Viddal, som hadde ansvaret for kafeen 2. pinsedag, hadde kaker til overs. Og kven fekk dei?? Berre så det er sagt, ingen kan vel rekne med å vere så heldige som vi, men kafeen vert open kvar søndag frmover sommaren mellom klokka 13 og 15. Her er det mykje meir enn kaker og is å få kjøpt.
Det er alltid kjekt å få kome til Bjørke, særleg når ein treff hyggelege kulturberarar som dette. Frå venstre: Enok Kippersund, Oddhild Saure Bogen, kafe- og kakesjef Solrun Osdal, Magnhild Kippersund, Jarle Myklebust og Kjetil Rørstad.
Eg legg ved nokre foto frå området.
I desse snøsmeltingstider er det mykje vatn som skal nå fjorden. Under fossen på foto til venstre er det eit kraftverk, men likevel er vassføringa stor. På foto til høgre ser vi elva som kjem ned frå Kvamsedalen.
Til venstre: Hegre og måse i fjøra. Finnes i bakgrunnen. Til høgre: Den nye Bjørke Marina (Det kjem snart ei eiga sak om dette her på Hjørundfjordportalen)
Til venstre: Seglbåt ved Bjørke Marina. Storhornet i bakgrunnen. På foto til høgre: Otòlhornet sett frå fremste garden på Viddal.
Men enno er det litt vått.
Kommentarar