Bakgrunnen for søknaden er at det står dårleg til med merking av dei mest nytta turane i fjellheimen og i nærområdet.  For nokre ti-år sidan vart det gjort ein jobb av nokre entusiastar som måla inn både T merke, sette vardar og laga nokre "heimelaga" skilt.

forsiden-forsidesak_jpg_w330

Det er slike skilt som skal markere turmåla i framtida. Fire fargar skal markere vanskegraden, med svart som det vanskelegaste.

Turistforeininga ønskjer å få standardisert merking og gradert vanskegradene ved å bruke ulike fargar i merkesystemet. Det vart derfor innleia eit samarbeid med Gjensidige-stiftelsen som ga 10 mill. Fylkeskommunene på Vestlandet var ein del av prosjektet og brukte og litt av eigne midlar.

Bilde 087

Tryggare ferdsel i fjellområda er ei målsetting for "Merking og gradering på Vestlandet".

Møre og Romsdal har delt ut vel 1 mill. frå prosjektmidlane og plussa på nær 500.000 av eigne midlar, men det var ikkje nok til å imøtekome alle søknadene i følgje prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Vidar Bellingmo. Vi merkar oss at sju kommuner på Nordmøre og Romsdal, i samarbeid med lokale organisasjonar (m.a. Grendalag) var tilgodesett med mange tiltak.

Vegar-Bellingmo_medium

Vidar Bellingmo er prosjektleiar i friluftssatsinga i fylkeskommunen.

Vidar Bellingmo oppfordrar til å søkje på tilsvarande midlar for neste år, og Urke Grendalag vil nok vere frampå med ny søknad.

norangsfjorden1

Saksa er eitt av dei mest populære turmåla for "vanlege" folk. Det trengst ei skikkeleg merking av løypa opp til toppen. Mange går feil og igjengroinga er og med på å lage vanskar for folk. "I alle fall inntil det kjem gondolheis til toppen", var det ein i bygda som uttalte.

I Urke Grendalag har ein ei klar kjensle av at Ørsta kommune ikkje hadde høve til å engasjere seg så sterkt for å få opplyst om dette tiltaket. Dette har nok samanheng med at fylkeskommunen - var sist på lista av dei fire fylka -  kom seint i gang med å invitere kommunane og det vart mest vår før fylkeskommunen kalla inn representantane for kommunen. Søknadsfristen for sett til 18. mars. Urke Grendalag hadde ei helg til å utarbeide søknaden.

"Vi får håpe at det kan bli ei løysing neste år," seier dei i Urke Grendalag.