Ikkje mange dagane ut i juni skulle vi jage sauene til fjells, for oss vil det i praksis seie innom Årsetfonna i Kvistad-/Årsetdalen.  Men då vi kom opp i beitet synte det seg diverre at alt ikkje var som det skulle vere - ein sau låg rett ut.  Sauene var mørk blå rundt juret og diagnosen var lett å stille - kaldbrann.  Vel timen seinare var han stokk, stein dau og to store, fine lam var utan mor.

Ja, ja, lamma har det no etter måten bra dei no og for bondefamilien er det berre å riste mismotet av seg. Og sauen vart vel graven ned? Vel, ikkje i første omgang...

Rev, hjort og ramn 033 copy
Ein hjort dukka opp ut på natta, men han åt gras - ikkje sauekadaver.

Litt nytte kunne eg vel få av sauen sjølv om han no var dau, tenkte eg.  Kanskje ville ein rev dukke opp, eller ei kråke?  Og kva med ein ramn?

Mange av desse nymotens kamera-ane har det som vert kalle intevallfotografering.  Eg sette eit fotoapparat på eit stativ, stilte det inn på fotografering kvart 5. minutt.  Under ser du litt av resultatet.  Diverre har eg ikkje eit stort teleobjektiv med automatikk.  Difor er kvaliteten på fotoa lite å skryte av, men som du ser - reven dukka opp.

Rev, hjort og ramn 041 copy

Rev, hjort og ramn 044 copy Rev, hjort og ramn 045
Reven jobba og sleit i 35 minutt.

Reven kom att fleire netter på rad.  Han sette stor pris på det illeluktande kadaveret.  Men det var ikkje berre reven som meiska seg, ein katt dukka opp, så kråkene og i seks tida om morgonen dukka ramnane opp.  Då var kråkene kloke nok til å kome seg vekk derifrå.

Og no er sauen graven ned, dvs. stort sett berre beingrinda.  Resten  er borte...