Velkomst

Leiar i Grendalaget, Eldrid Øye, kunne ønskje ein fullsett sal velkomne til første basaren i Grendalaget sin regi. Denne basaren er no arvtakar etter Helselagsbasaren som har vore ein tradisjon i mange tiår. Grendahuset har i vinter hatt ei formidabel opppussing og det er bokført 540 dugnadstimar som i seg sjølv representerer ein verdi på 135.000 kr.

Til åpning av basaren

fekk vi lytte til Lars Andreas Ervik Myklebust på trekkspel. Han framførte "Acordion Impromtu" av Toralf Tollefsen  og "Olive Blossom" av Pietro Frosini.

Basar og dugnad 11 001

Lars Andreas Ervik Myklebust

"For lite årar!"

Og med det var åresalet i gang. Kjøpelysta overskreid det som er registrert ved tidlegare høve, og det vart raskt konstatert at her var det for lite årar! Det var ikkje rom for å lage fleire årar, men Nelly Urke, som har leia Urkebasarar gjennom ein mannsalder, har erfaring med marknadskreftene. Åreprisen var dobla til 10 kr. og gevinsttalet tilsvarande auka. Dermed ordna det seg mellom tilbod og etterspørsel, og det heile glei som det skulle. Ei mengd gevinstar fekk eigar.

Basar og dugnad 11 004

Mørk panel har fått lyse fargar, salen er utvida t.v. , eit nytt golbelegg og ny lysarmatur - alt er med for å gjere Grendahuset til eit langt trivelegare lokale.

Mat og prat

Gratis mat, kaffi og brus i pausen ga rom for godprat både her og der. Basaren er eit sosialt forum for å treffe bygdafolket som saman med tilreisande sluttar opp om basaren. Av dei 150 frammøtte var det langt dei fleste som var tilreisande, men som likevel har ei tilknytning til bygda.

Basar og dugnad 11 008

Her ser vi den delen som har kome som eit tilleggsareal til hovudsalen. På basaren var det ikkje ein ledig plass å oppdrive.

Grendahuset

presenterer seg på ein langt betre måte etter opp-pussinga som er utført i vinter, etter at Urke Grendalag fekk lovnad om å kjøpe huset til ein symbolsk sum. Kanskje var det den drivkrafta som var med og stimulerte kjøpelysta på basaren? I alle fall er det aldri tidlegare registrert ei omsetning på 35.709 kr. på Urke-basarar. Etter dekning av alle utgifter, vart det ein netto på 27.860 kr. i tilskot til Grendalaget. I neste omgang skal dette kome bygda til gode i ulike tiltak.

Basar og dugnad 11 011

Nokre av dei som sytte for effektiv basar-avvikling: Frå v: Nelly Urke, Janine Berg og Øygunn Myklebust.

Takk og pris

Nelly Urke takka på vegne av grendalaget for frammøtet og støtta til arbeidet.