Den gamle gule Toyotaen frå 1998 har sett sine beste dagar og må no utskiftast til ein meir teneleg bil.

Ørsta kommune har  ikkje løyvd pengar til dette føremålet. Derfor har vi på Hjørundfjordheimen bestemt at vi startar ei kronerulling og vonar at 200 000 kr er eit realistisk mål. Vi er vel vitande om at det kan vere  delte meiningar om kor stor grad private aktørar skal blande seg inn i ei offenteleg versemd. Samtidig veit vi at eit godt samspel melllom det offentlege og private aktører nettopp kan vere med å skape noko positivt . Det handlar om det "lisje ekstra" som kan legge til rette for at fleire kjeme seg ut på småturer i den vakre kommunen vår.

Vi må ha ein bil som kan brukast av dei som er avhenig av rullestol og har andre rørslehemninger. Det handla om trivsel for dei som bur her på heimen antan dei skal på butikk ,bading ,sjukehus elller andre føremål. Vi har i dag to bilar den eine er daglig i bruk i heimesjukepleia,ofte er vi avhenige av to bilar då geografien spelar ei stor rolle.

CIMG0220

HER ER NOKRE GLIMT FRÅ KVARDAGEN VÅR . VI YNSKJER OSS EIN NY BIL DER BÅDE BEBUARANE OG PERSONALE  KAN FÅ EIN MEIR BEHAGELIG KØYRETUR.

CIMG0221

EIN BIL SOM RULLESTOLEN KAN TRILLAST INN I , BEHOV ER STORT.

CIMG0225

NÅR EIN BRUKAR OG RULLESTOL SKAL UT, ER DET IKKJE PLASS TIL FLEIRE.

CIMG0228

FLEIRE HEIMEBUANDE TRENG OGSÅ HJELPEMIDDEL SOM RULLESTOLAR ,RULLATORAR ,VI LEVERER.HER SER EIN AT STØRRE OG MEIR TENELEG BIL TRENGST.

CIMG0231

TRONGT OM PLASSEN.

VI HAR HAR HATT EIN FLOTT START ,INNKOMNE GÅVER ER ALT KR 20 200.

VONAR DE VIL STØTTE OSS BÅDE PRIVATE LAG ,ORGANISASJONER OG NÆRINGSLIVET . SLIK  KAN NÆRME OSS EI REALISERING AV PROSJEKTET VÅRT:)

KONTONR 39104233248

RING GJERNE OM MEIR INF 95054178 EL 70045750.

MEN HELSING BILNEMNDA.