Varmt, rått og hot.

Dette vert både teatralsk, musikalsk samt dans, fortel Silje som starta si dansekariere på Ørsta og Volda Ballettskule. Etter musikkutdanning i Norge gjekk ho tre år på musikalskulen Millennium Performing Art 2000 i London, der både song, dans og drama var fag. Som trenar på Sats i Oslo er ho i svært god form, men likevel har ho lagt seg i hardtrening kondisjomessig  for cabareten. Det er utfordrande å både syngje, danse og gjøgle i høgt tempo, seier Silje. Siste åra har ho vore prinsessa i barneframsyninga ”Herli Land” ved Dyreparken i Kristiansand, så ho har erfaringa med høgt tempo derfrå.

I ”Musikal Cabaret” møter publikum ein meir vaksne rollefigurar. Det vert både varmt, rått og hot, lover ho, For nokre år sidan hadde ho ein turné med ”Musikal Cabaret”  på Søre Sunnmøre, og no gler ho seg til ei ny oppsetting med nytt repertoar, meir trykk og utvida show.

 

Kjende musikalske perler.

Marie Austrheim, dyktig musikar frå Ørsta trakterar keyboard . Ho starta også tidleg si musikalske kariere på fele i musikkskulen i Ørsta og har sidan gått gradene i alle lokale orkester frå Aspirant-  til høgskuleorkesteret. Seinare har Marie tatt ein bachelor innan musikk med klassisk piano som hovudinstrument. I tillegg har ho master i musikkvitenskap frå UIO. No er Marie tilsett som kantor i Ørsta kommune, og vert mykje nytta som pianist og akkkopagnetør på Søre Sunnmøre.

I ”Musikal Cabaret” gjer Marie eit solid musikalsk inntrykk, og fingrane hennar dansar like imponerande over tangentane som Silje dansar og gjøglar på scena.

Den store spennvidda i musikken gjer showet både spanande og morosamt, seier Marie Austrheim.

 

Turné til hausten.

Denne førpremiera er som tidlegare omtale del av ei heilaften framsyning som skal settast opp til hausten frå Selje i sør til Ålesund i nord. Silje og Merie gler seg no til å vise fram delar av det dei har øvd inn.

”Musikal Cabaret” får førpremiere laurdagen under Hjørundfjorddagane.

 

Synnøve Rekkedal Hill

Leiar Hjørundfjorddagane 2011.