Sjølvaste midtsumarhelga er det duka for fantastiske kultur- og naturopplevingar på Bjørke. Då er det ”Midtsumarblot på Bjørke”. Me inviterar til varierte kultur-og naturopplevingar i den fine bygda vår innst i Hjørundfjorden. Jonsokfeiring, kunstutstilling i Bakketunet, handverksutstillingar, antikvitetar, båtutstilling, open gard, kyrkjekonsert og fjelltur er noko av det me byr på denne helga.

Jonsokfeiring

Det heile startar midtsumarkvelden 23.juni. Då vert det jonsokfeiring på Haukly med rjomegraut og brising. Det er også moglegheit for grilling.

Festspel i Notanaustet

På fredag kveld ynskjer me i samarbeid med Dei Nynorske Festspela, velkomen til det nyleg restaurerte Notanaustet i enden av Bjørke si vakre naustrekkje. Her får du oppleve festspeldiktaren Bjørn Sortland og kulturberaren Oline Løvlid. Bernt og Einar Saure, to av dei siste som deltok i den tradisjonsrike notdrifta på Bjørke fortel korleis denne drifta gjekk føre seg.

Sjøliv, kunst, kultur, open gard og god mat  

Laurdag er ein dag i sjølivet og kunsten sitt teikn, der du får ta del i mykje av det som kjenneteiknar Bjørke. Kjem du frå byen kan du fylgje skyssbåten ”m/s Hjørundfjord” frå Solavågen via Sæbø til Bjørke. Hjørundfjorden er vakker som få og sjøvegen er ein flott måte å kome til Bjørke på.

Den offisielle opninga av Bjørke Marina finn stad denne dagen. Vi anbefalar båtplass på Bjørke. Her er det kort veg til store naturopplevingar både i fjøresteinane langs Hjørundfjorden og til dei øvste ville Sunnmørsalpane som omkransar fjorden. Ved marinaen er det båtmesse der mellom andre Remvik og Standal viser noko av det dei har å by på . Har du ikkje båt enda, så er det duka for ein god handel. Dersom alt går etter planen kjem ei overrasking inn Hjørundfjorden laurdag ettermiddag.

Bakketunet på Åkre er Sunnmøre sitt eldste gardstun. Her opnar Nils Anker, direktøren ved Kulturkvartalet i Ålesund,  kunstutstilling av Aggregat Atelierfellesskap på laurdag. I denne utstillinga vert gamal historie stilt opp mot nye teknologiske forteljingar.  Aggregat består av kunstnarane Augusta Nogva, Stine Q. Vister, Simon Vågsholm og Hilde Rosenberg Bamarni. Denne utstillinga er eit samarbeid med Dei Nynorske Festspela. I kammerset i gamlestova er Fru My kammerutstillar laurdag og Lappelina på sundag. Laurdag kan du få servert herleg hjortegryte og sundag serverar kokkeparet Tore og Silje Vinjevoll brennsnut. Her også tradisjonell kaffimat både laurdag og sundag.

 Bjørke Kunst-og Handverkskafe held til i Bedehuset ved naustrekkja på Bjørke. Her er det lokalt handverk du ikkje finn andre stader og eit sunnmørsk kakebord!

I Postkjellaren Tekstil og Nostalgi finn du også fint handverk i kombinasjon med utstilling av post-og telegjenstandarfrå seint 1800-tal og fram til 1950-åra. Har du sansen for antikvitetar og ein god handel vil me anbefale ei vitjing hjå Morks Antikk. Her finn du alt frå fornemt service til flotte gamle kister og bondemøblar.

Landbruket er viktig for Bjørke og vi er stolte av å vere ei aktiv jordbruksbygd. I Knutegarden på Raustad innbyr Maria Nikkinen Rørstad til riding og køyring med flotte fjordhestar for store og små. Du får testa kunnskapane dine om gardsdrift i eigen quiz og helse på dei andre dyra på denne velhaldne garden ved Raustadvatnet.

J-Buda på Bjørke byd på autentisk ”budamiljø”, slik lanhandelen på Bjørke var i gamle dagar.

På kvelden anbefalar me at du igjen tek turen til Notanaustet. Her spelar Ståle Dimmen og det vert tid til ein god prat med gamle vener og nye bekjentskap. Me er samde med diktaren som uttalte at  ”Ein skal ikkje sove burt sumarnatta” og gler oss til ei fin og lys sumarnatt i tradisjonsrike omgjevnader ved Hjørundfjorden.

Fjelltur, kunst og kyrkjekonsert

På sundag kan du vere med på fjelltur til spektakulære Oddekloven (971 moh.). Du må vere vandt med å gå i fjellet og ha gode fjellsko. Me vil understreke at turen foregår på eige ansvar, sjølv om me har med lokalkjende turleiarar. Ta med mat, drikke og gode klede.

Fru My har sumarsal av garn og stoff i Sybuda på Raustad sundag. Er du handarbeidsinteressert, vil du finne mange skattar her.

I Bjørke kyrkje held vår eigen John Inge Leira Bjøringsøy konsert. Kombinasjonen av den fine trekyrkja vår og dei vakre tonane er ei oppleving som set spor.

 

Bakketunet, Morks Antikk, Postkjellaren Tekstil og Nostalgi, Bjørke Kunst og Handverkskafe og Knutegarden på Raustad held også ope på sundag.