Men uansett vêr, så skal vi få ein flott kveld når 5. og 6. klasse samlast til Lys Vaken i kyrkja.

Samlinga varer frå høgtidskiminga tek til pinseaftan kl. 17.00 til vi er ferdige med gudsteneste og kyrkjekaffi søndag formiddag.

Mange er påmelde, men dersom fleire frå 5. og 6. klasse vil vere med kan dei melde seg på snarast råd til sokneprest Rolf Dyrhol tlf. 918 73 920

Diakon Knut Stave vert og til stades i kyrkja i lag med soknepresten og borna. I tillegg er dei fleste foreldre tildelt oppgåver som å hjelpe til med bål, vere nattevakt og lage til kveldsmat og frukost til dei som er til stades.

Hjørundfjord sokneråd inviterer i lag med foreldra til kyrkjekaffi på bedehuset etter gudstenesta søndag. Vi serverer kaffi og gode kaker og håper mange tek turen til Hjørundfjord kyrkje og bedehuset 1. pinsedag.