Ervingen blandakor har 31 medlemer frå Hovdebyga, Ørsta, Volda og Kenya. Koret har opparbeidd seg eit vidt repertoar med songar frå både innland og utland, som spenner frå det kyrkjelege til det verdslege. Øyvind Lied har dirigert koret heilt frå starten av.

Etter songarstemnet i Volda, siste helga i mai i år, hausta koret mange godord. Det gir alltid ei ekstra vitamininnsprøyting og ny giv med slike opplevingar og gjer det ekstra kjekt å ta til på arbeidet med innspeling av CD. Komande helg, 18.-19. juni, har dei leigd Hjørundfjord kyrkje til dette føremålet.
Dei byr også inn til konsert laurdag kl 18.00 og håpar at bygdefolk og andre interesserte nyttar høvet til å oppleve mjuke songskattar og fengjande rytmer. Vaksne kr 150,-, born er gratis.

Ein av songarane i koret, Børre Lødemel og dirigenten, Øyvind Lied, vil spe på korsongen med eigne innslag. Kva dei skal synge finn de ut ved å møte opp i kyrkja på laurdag.   

Øyvind 
Frå første fase av CD-innspelinga i januar.  

Photo mars 25, 2 59 32 PM
Glade songarar i Ervingen blandakor. 

Ervingen bl.kor 

Ervingen blandakor ynskjer alle hjarteleg velkomne til konsert!