Grøthaugen 20 juni.

 

Ann Helene med Nanuq, Bernt Arve, Fred, Kari, Hilde og Bodil var det som "droppa slottearbeid" og tok seg ein måndagstur i staden.

grrøthaugen 2011 002

Vi kryssa attelega på Moane og trakka ned vokterleg gras (fy skam) får tru vi var lette på foten og gjorde lita skade.

Fyrste bilde her er ved den restaurerte kylna som står rett ved ledet til bakkane.

grrøthaugen 2011 003

Bernt Arve er ikkje så god å fange på bilde, han var "hare" og låg heile tida eit stykke framom oss andre.

grrøthaugen 2011 004

Vi traska oss oppover gjennom skogen, grei rås, og vidare mot ryggen ved sida av Moagjølet.

grrøthaugen 2011 005

Ein del velta bjørkatre var det nok som eit teikn på den snørike vinteren sine herjingar, men naturen veit råd, her ser du ei velta gran som spirer med minst seks nye grantre frå den velta stomna, optimistisk?

grrøthaugen 2011 006

Vi må ta ein pause rett som det er å prate litt også.

Til deg som trur du må vere i god form for å vere med, vi har lagt ned tempoet og går mykje rolegare oppover enn tidlegare.

Ver ikkje redde for å vere med vi tek oss god tid.

grrøthaugen 2011 008

Her oppetter ryggen langs Moagjølet er det flott utsikt, her ser vi rett over til Holen med Hilde og Fred i framgrunnen.

grrøthaugen 2011 009

Seigt stykkje mot slutten og så vips er vi ved varden, her oppe frå er det spesiellt fin utsikt, ta deg ein tur.

grrøthaugen 2011 001

Vegen opp er merka med skilt ved vegen på Moane, raudemerka langs etter råsa,og ein tur som tek under timen opp.

Flottast i godt vêr for utsikta er verdt eit syn.

Neste måndag er det Valsetheida og Eitrefjellet.

Vel møtt!