Ein fagperson vert gjerne lagt merke til - særleg når han kan sitt fag, slik som Kim-Ove Hestås frå Sømna.

Kantslått 004 copy
Ein triveleg kantslåttekspert;  Kim-Ove Hestås frå Sømna

Vi er gjerne glade når vi møter desse kantslåttmaskinene.  Etter at dei har gjort arbeidet sitt, vert sikta betre, det vert meir velstelt og tek vi oss tid til å gå ut av bilen kjenner vi ei god slåttelukt i tillegg. I alle høve gjer ein bonde som underteikna det.

Dei siste par dagane har vi sett-/møtt ein gul traktor med kantslåttutstyr langs fylkesveg 655 mellom Ørsta og Sæbø.  Vi har også sett at føraren kan sitt arbeid, det vert kort og godt fint etter han.  I morgontimane i dag dreiv han med kantslått i nedre del av Bondalen.

Kantslått 003 copy
Kim-Ove Hestås i firmaet K.Hestås Maskin AS driv her kantslått  langs fv. 655 like ved Bondalen grendahus.

Eg er frekk og stoppar han og får altså vite at han heiter Kim-Ove Hestås og kjem frå Sømna kommune på Helgelandskysten i Nordland.

- I desse Hurtigrutetider, har du tid til å vere her?

- He, he, ja - men eg kjem  ikkje heilt frå Sømna.  Eg bur no i Ørskog kommune der eg altså driv eige firma.

- Og driv m.a. med kantslått for Mesta?

- Akkurat.  Kim-Ove Hestås fortel m.a. at oppdraget i år ikkje går ut på å slå så og så mange meters breidde  utanfor vegbana.

- Nei, i år har vi fått beskjed om å bruke ein del skjøn.  Nokre stadar vert det kanskje ikkje kantslått i det heile, mens andre stadar passar vi i alle fall på at veggrøfta vert fri for vegetasjon.

- Så ein har bonde som har ny timoteieng heilt inntil vegen treng ikkje frykte at du fjernar mesteparten av avlinga?

- Nei, slett ikkje. 

Før Hestås held fram med arbeidet med kantslåtten framover Bondalen opplyser han at han denne sommaren har heile Sunnmøre som arbeidsområde, men litt sommarferie vert det vel likevel?

- I alle fall ikkje før eg er ferdig med to millionar kvardratmeter kantslått, smiler han.

Kantslått 013 copy
I denne veggrøfta har Kim-Ove Hestås brukt skjøn - prestekragane står att.

P.s.
Klokka 19 i kveld møtte eg Hestås, enno i fullt arbeid, men denne gongen langs europavegen mellom Ørsta og Volda.  Så har han fått unna nokre kvadratmeter med kantslått til.