Men økonomien for prosjektet vart styrka i mai, og då var det kort veg for å invitere til eit siste skippertak for å få på plass det som mangla – eit toalett kombinert med ei reidskapsbu.

Bøvikadugnad 017

Rjomegraut og pause: Frå v. Olav Klokk, Sverre H. Urke, Øygunn Myklebust, Janine Berg, Kåre Jon Berg, Jetmund Øye(fremst), Helge Urke (bak), Ronny Norangshol, Per Skylstad og Johan Øye som fek vere med faren Jetmund på heil dugnadsdag i Bøvika.

Dugnadsarbeid

Forrige fredag vart fundamentet støypt og siste  fredag stilte ei forsterka dugnadstropp opp for å få huset reist.  Norangdal Grendalag har gitt pengestøtte til bade- og fritidsområdet i Bøvika på Maude, omlag midtvegs mellom bygdene Norangdal og Urke. Samarbeidsånda vart synleggjort ved at tre arbeidssomme karar frå Øyelandet stilte opp på dugnadsarbeidet.

Bøvikadugnad 021

Og så er toalett og reidskapsboda i Bøvika ferdig til bruk.

Toalett- og reidskapsbod

Og med god hjelp var det tid til å nyte både rjomegraut og kaffi i pausane. Sistenemnde vart innteken under tett tak på det nye bygget. Toalettdelen er romsleg og rømer rullestolbrukarar. Andre delen er meint til lager for reiskap som 4-hjuls plenklippar, sportsutstyr som mål, nett og stenger.

Det var ein glad leiar i Urke Grendalag, Eldrid Øye, som etter avslutta arbeidsdag på Hjørundfjordheimen kom og fekk sjå siste hand vart lagt på arbeidet.  ”Syt for å få fram takk til dei utruleg energiske i dugnadsgjengen! Spesielt kjekt var det å få med karane frå Norangdal Grendalag.”

Bøvikadugnad 020

Ei orienteringstavle på parkeringsplassen fortel om kva som er tillate og uløyves. Dessutan er det orientering om og takk til støttespelarane som har sytt for økonomien slik at Bøvika no er restaurert som bade- og fritidsområde.

Alle velkomne

Så med det er den formelle opninga av Bøvika bade- og fritidsområde på plass. Her er både bygdafolket, gjester og turistar velkomne.  Eit slikt område har vore eit stort sakn i området. No legg alt til rette for ein triveleg aktivitetsstad som vi må vite både å bruke og verne om. Reglane for bruken av området er å finne på ei orienteringstavle ved parkeringsplassen.