Gunnar-råsa , Storenakken og Åseråsa endåtil.

Vi var i alt elleve som tok turen denne dagen, nokre hadde tjuvstarta, nokre va litt treige men dei fleste gjekk i flokk og rad som seg hør og bør.

det var Kari, Bernt Arve, Kjersti, Ann Helene, Jonny, Janneche, sjølvaste Gunnar, Bodil, Bente, Haldis og bålmannen Henrik.

GunnarråsaStorenakken2011 001

Eit kjekt skogtroll passar råsa, og oss som går der.

IMG_3842

Sola skein mellom granene, og det var ei lyst å gå.

GunnarråsaStorenakken2011 003

Godt med ei kvild i varmen.

GunnarråsaStorenakken2011 006

Gunnar har laga mange gode sessar på råsa oppover, her kviler Jonny og Gunnar på kvar sin

GunnarråsaStorenakken2011 007

Vel halvegs opp til posten på steinen, Bente, Ann Helene, Jonny, Gunnar, Kjersti og Haldis.

GunnarråsaStorenakken2011 009

Ser du godt etter , er Bente svært omsverma.

Det var visst denne dagen då ALLE flugene i dalen skulle sverme og det i lag med oss.

GunnarråsaStorenakken2011 010

Det varkje fritt for at Gunnar var omsverma også, sjekk rundt klokka.

Dei for i auga, øyrene, kitla på huda, ja det var best å halde seg i bevegelse.

GunnarråsaStorenakken2011 011

Då vi kom opp til steinen sat den raskaste gjengen og kvilte seg i røyken frå bålet.

GunnarråsaStorenakken2011 012

Bålmannen Henrik hadde fyrt opp eit dugeleg bål til oss.

GunnarråsaStorenakken2011 016

So fekk vi ei felles pause ved posten på Gunnar-råsa, meda sola gjekk ned og vi hadde tribuneplass til Sæbø kampen, litt småstillt kansje.

GunnarråsaStorenakken2011 017

Jonny, Ann Helene og Haldis tok av og gjekk Åseråsa.

IMG_3852

Ann Helene og Haldis på Åsen, dei kvile på Åsesteinen.

IMG_3856

Jonny peikar mot grøneskredhammaren der det snart skal kome opp ei turboks.

IMG_3857

Råsa går gjennom steingarden som står i byret mellom Sæbø og Sæbøneset.

IMG_3863

Eit bilde som minner oss om at det var ein hard vinter.

GunnarråsaStorenakken2011 019

Me andre sette kurs mot Skonndalen,mykje vatn i elva, kaldt og godt.

GunnarråsaStorenakken2011 020

Mykje snøv i Knutsgjølet endå, fyrst i dag kom skiltet på plass att.

Gunnar og Kjersti ved breen.

Det er ikkje snøv i råsa så det gjekk fint å gå, sjølv om der framleis er mykje vatn.

GunnarråsaStorenakken2011 022

Nedover knutsgjølet kunne vi sjå at det rauk frå bålet endå.

Vakker utsikt mot fjordkrysset herifrå.

GunnarråsaStorenakken2011 024

Til slutt på Storenakken, med den vakre utsikta mot Sæbø, skriving i boka og ein liten rast før siste bratta nedatt.

Vi var svært fornøgde med vêret denne gongen, håpa på fleire slike dagar.

IMG_3845

Så kvissen: er det nokon som veit kva dette er og kvar det kjem frå?

 

Takk for laget for denne gongen, neste måndag er det Grøthaugen.

VEL MØTT!