Gunnar-råsa , Storenakken og Åseråsa endåtil.
Vi var i alt elleve som tok turen denne dagen, nokre hadde tjuvstarta, nokre va litt treige men dei fleste gjekk i flokk og rad som seg hør og bør.
det var Kari, Bernt Arve, Kjersti, Ann Helene, Jonny, Janneche, sjølvaste Gunnar, Bodil, Bente, Haldis og bålmannen Henrik.
Eit kjekt skogtroll passar råsa, og oss som går der.
Sola skein mellom granene, og det var ei lyst å gå.
Godt med ei kvild i varmen.
Gunnar har laga mange gode sessar på råsa oppover, her kviler Jonny og Gunnar på kvar sin
Vel halvegs opp til posten på steinen, Bente, Ann Helene, Jonny, Gunnar, Kjersti og Haldis.
Ser du godt etter , er Bente svært omsverma.
Det var visst denne dagen då ALLE flugene i dalen skulle sverme og det i lag med oss.
Det varkje fritt for at Gunnar var omsverma også, sjekk rundt klokka.
Dei for i auga, øyrene, kitla på huda, ja det var best å halde seg i bevegelse.
Då vi kom opp til steinen sat den raskaste gjengen og kvilte seg i røyken frå bålet.
Bålmannen Henrik hadde fyrt opp eit dugeleg bål til oss.
So fekk vi ei felles pause ved posten på Gunnar-råsa, meda sola gjekk ned og vi hadde tribuneplass til Sæbø kampen, litt småstillt kansje.
Jonny, Ann Helene og Haldis tok av og gjekk Åseråsa.
Ann Helene og Haldis på Åsen, dei kvile på Åsesteinen.
Jonny peikar mot grøneskredhammaren der det snart skal kome opp ei turboks.
Råsa går gjennom steingarden som står i byret mellom Sæbø og Sæbøneset.
Eit bilde som minner oss om at det var ein hard vinter.
Me andre sette kurs mot Skonndalen,mykje vatn i elva, kaldt og godt.
Mykje snøv i Knutsgjølet endå, fyrst i dag kom skiltet på plass att.
Gunnar og Kjersti ved breen.
Det er ikkje snøv i råsa så det gjekk fint å gå, sjølv om der framleis er mykje vatn.
Nedover knutsgjølet kunne vi sjå at det rauk frå bålet endå.
Vakker utsikt mot fjordkrysset herifrå.
Til slutt på Storenakken, med den vakre utsikta mot Sæbø, skriving i boka og ein liten rast før siste bratta nedatt.
Vi var svært fornøgde med vêret denne gongen, håpa på fleire slike dagar.
Så kvissen: er det nokon som veit kva dette er og kvar det kjem frå?
Takk for laget for denne gongen, neste måndag er det Grøthaugen.
VEL MØTT!
Kommentarar
Eg trur det må være ein del av eit gamalt trerør som var brukt i forbindelse med kraftverket til Wille. I allefall er det noko i som er brukt i kraftverksamanheng.
Oppmodar ALLE til å ta ein tur å sjå.
Las forresten komentaren frå deg, Arne Tvergrov i Haugesund, takk for god omtale, det var kjempekjekt å lese.