Dugnadsånda er ikkje avvikla i Urkebygda. Ikkje før har kvinner og karar lagt ned  540 dugnadstimar på Grendahuset, så kastar gjengen seg over sluttspurten i Bøvika. Det er heller ikkje så enkelt å utføre slikt arbeid på ein stad utan elektrisk straum og vassleidning, men det er råd for det meste.  Helge Urke stilte med sitt private kraftverk bak på traktoren og framleis finst det folk som kan bere vatn i bøtte.

Basar og dugnad 11 026

Dugnadsgjengen i pausestilling: Frå v.: Johan Arnt Leknes, Ingar Wilhelmsen, Helge Urke, Sverre H. Urke, Rune Refsnes og Per Urke.

I første omgang vart det støypt fundament  for toalett- og redskapsboda.  Ramma for dugnaden er triveleg og sosialt samlande. Rjomegraut, vaflar og kaffi stimulerte arbeidsgleda og her dukka det opp hjelpande hender både frå Molde og Oslo. 

Basar og dugnad 11 018

Ein ”stæsja” BMV dukka opp….

Ein ”stæsja” BMV –med  ”Styrkeprøven” på sidene, slakka farta, parkerte og lurte på kva det var som skjedde her.  Dette var noko sjeldan for ein Oslo-borgar og støvlane vart henta i bagasjerommet.  Rittleiar for Styrkeprøven Trondheim-Oslo  og president i  Oslo Cyklekrets, Ingar Wilhelmsen,  fekk med ei ny oppleving og ein full arbeidsdag – utanom vanlege rutine. Etter kvart kom det fram at Ingar hadde gode forbindelsar på Klokk .....

Basar og dugnad 11 019

Arbeidet går unna med eit smil! Ingar Wilhelmsen handterer krafsa, medan Johan Arnt Leknes brukar skjereskiva og Sverre H. Urke gir gode råd.

Stålinga av den støypte plata vart det Helge Urke som tok seg av ut på kvelden. Og trass i ekstremt regn på morgonkvisten fredag etter, låg betongen like fin og venta på fullføring.

Basar og dugnad 11 037

Ein dugnad utan mat fungerer ikkje. Frå venstre: Sverre H. Urke, Ingar Wilhelmsen, Per Urke, Rune Refsnes og Helge Urke.

Ein ny dugnad ventar fredag og då skal den lafta boda på plass. I tillegg skal det monterast ei opplysningstavle som skal orientere om korleis ein skal bruke området, takke bidragsytarane, ymse trafikkskilt og at det ikkje er tillate med villcamping på parkeringsplassen for badegjestene.

Basar og dugnad 11 029

 Vi gir oss ikkje før vi har ei informasjonstavle på parkeringsplassen. Ingar Wilhelmsen tippar første betongen opp i fundamentet.

Foto: (I stor grad) Eldrid Øye