Bondalselva
"Gutta på skauen...."
Lagt inn av
Helge Strand
09.06.2011 14:10
09.06.2011 14:10
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som omhandlar temaet.
Kommentarar
Historikk.
1. juli 1967 bestemde Hustad at nedenfor brua skulle berre vere flugersone. Dette verka fint, alle var nøgde, det sosiale på brua og i sentrum vart oppretthalde.
Uskiftning kom og x antal kort pr. grunneigarlag i elva.
Ei lang historie kort.
Hustad flytta flugesona 100 meter framom brua, ovanfor var det framleis høve å fiske og ivareta tradisjonane med makk, sluk reke og fluge.
Stemninga og folkelivet var framleis tilstade på brua, der fiskarane måtte ofte gå canossa-gang,ofte heilt i osen.
Dette verka framifrå i 3 tiår. Brua var samlingstad i ei elv som var kjenneteikna for det sosiale og trivnad.
Så skjedde noko for 5-6 år sidan.
Eksklusive flugeinteressenter ville endre elva sin karakeristikk, utan omsyn til nokon form for omtanke, sett bort frå sitt eige.
Hustad tok "trivnad-sona" og gjorde ho om til flugesone, med det resultar at den tradisjonsrike Bondalselva sin nedre del vart nærast kastrert og tilpassa nokre få.
Så kjem "Gutta på Skauen" inn.
Sone 2 på Hustad har eg sett nærare på, der vi som skal representere den opprinnelege elva skal freiste fiske.
Kva vert vi møtt med?
Sona er i si heilheit nær ein urskog der ein knapt ser elva. Trær og kratt gjer det nærast uframkommeleg.
Denne sona vert vi tradisjonsrike "avspist" med.
P.S
Uframkommelegheit gjeld ikkje berre Hustad. Meir eller mindre er det slik frametter heile elva. Lite inspirerande er det å gjere friviljugt arbeid!
Eg snakkar mykje med turistar. Dei som ynskjer fiske i elva er undrande som eg. Slik ei fin elv med ei no aukande laksemengde (overtydd!) og så lite vert gjort for å skape trivnad.....
Bondalselva har vore varemerke framfor noko på Sæbø i årtier i inn og utland.
Eg vonar det atter kan verte slik, men interessa tynnast ut. Kanskje kan vi byrje med å tynne ut skog attmed elva....? Slik det er no er det skammeleg i eit vassdarag der ein uskjemmast sel og leiger ut fiskerett.